Det beste er å køyra maskin

«Dette har eg hatt lyst til sidan eg var ein skitunge» seiar Emil Isdal Irgens. Han sit eit par meter over bakken bak rattet på ein svær hjullastar, og det er ikkje tvil om at han stortrivst. Han har praksis på Laland kor Øksnevad skule har kring 60 mål med boltreplass. I dag er det to gravemaskinar, to dumparar og ein hjullastar i full sving på området.

Jone Risa sit i gravemaskinen og lærar Odd Fosse står ved sida av.  - Klikk for stort bildeJone Risa har så vidt tid til ein kort prat med lærar Odd Fosse før han fortset med å køyra gravemaskin – den gjævaste maskinen!«Her kan elevane få trena på ein stad som er mest mogleg fri for farar» seiar
Odd Fosse som er lærar ved anleggsteknikklinja. Målet med all treninga er at elevane skal få mengdetrening, slik at handteringa av maskinane vert sitjande som muskelminne i hendene.

 Elevane ved anleggsteknikk vekslar mellom å vera på skulen og vera ute. Kvar månad har dei tre veker på skulen og ei veke med praktisk arbeid. «Det gildaste er å vera ute» seiar Jone Risa. I dag køyrer han gravemaskin, og det er det som er det aller gjævaste. Han forklarer at å køyre gravemaskin er ulikt dei andre køyretøya, fordi det er berre to spakar å styra med. Dumpar og hjullastar liknar meir på bil og traktor. At gravemaskinen er meir krevjande å handtera tykkjer han berre gjer det ekstra spennande.

Når elevane er i praksis vert klassen delt i tri grupper med fem elevar i kvar gruppe. Då vekslar dei mellom å vera på Laland, utplassert i bedrift eller i «myrå» på skulen. På Laland er det mengdetreninga som er det viktigaste. Då flyttar dei masse rundt utan anna mål enn å få trening. Når dei er i «myrå» på skulen handlar det om å gjera området om frå myrjord til jordbruksjord, slik at det kan nyttast til produksjon. Når dei er i bedrift får dei vera med på ulike oppdrag alt etter kva dom skjer i bedrift dei vitjar.

Odd Fosse og Ole Rørvig - Klikk for stort bildeOdd Fosse og Ole Rørvig underviser begge ved anleggsteknikklinja på Øksnevad. «Målet er at elevane skal vera mest mogleg klar for arbeidslivet etter at dei er ferdige hjå oss» seiar Ole Rørvig. Han forklarer vidare at for å få nok køyrde timar på kvar maskin, før elevane skal ha oppkøyring i slutten av skoleåret, går dei ekstra lange dagar når dei er i praksis. Rørvig har ansvar for gjengen på Laland i dag, og etter ei kort innføring på føremiddagen er han nøgd med at elevane allereie har god flyt i arbeidet.  

«Det er fint at me er såpass små grupper. Då vert det god drøs i brakka i pausen» seiar Jone Risa. Han er og nøgd med at skulen er passe stor, slik at ein har god oversikt og er på hels med lærarane. Trass han ikkje er særleg glad i norsk, engelsk og samfunnsfag skryt han av at lærarane i desse faga og er gode på å gjera stoffet interessant. Til dømes fekk dei i oppgåve å laga ein annonse for å selja ein maskin i norskfaget.

Det er tydeleg at det er køyringa som er det aller viktigaste, for etter ein kort prat klør det nærmast i fingrane etter å fortsetja. Emil viftar med den eine handa ut av vindauge på hjullastaren og dirigerer Markus Skåra som sit i dumparen til å tippa lasset akkurat der han vil ha det.

(Forfatter: Siril Ravndal Grude)