Tekst

Den nye jordbruksskulen skal liggja i Klepp


Den nye jordbruksskulen skal liggja i Klepp.

(Artikkelen fra 6.juni 1939 er gjengitt med tillatelse fra Stavanger Aftenblad).

Ved endelig avrøysting vedtok fylkestinget samrøystes å kjøpe Øksnevad.

Fylkestinget hadde på møtet sitt i går ettermiddag for seg spursmålet om ny jordbruksskule for Sør-Rogaland.

Denne saka har som kjent vore handsama av ei sernemd til førebuing av ny jordbruksskule i Sør-Rogaland.

Fleirtalet i nemda (3 medlemer) tilrår at garden Sæland i Time vert kjøpt til jordbruksskulegard for Sør-Rogaland, subsidiert tilrår dei, at Øksnevad i Klepp vert innkjøpt. Mindretalet (2 medlemer) tilrår å kjøpa Øksnevad i Klepp til skulegard, medan dei subsidiært tilrår kjøpt 2 bruk av Soma i Høyland og delar av garden til Jonas Lea på Stangeland i Sola.

Fylkesmannen fylgjer fleirtalet i nemda og tilrår, at garden Sæland i Time vert kjøpt til ny jordbruksskulegard.

Den utvida landbruksnemda har drøft saka og delt seg i eit fleirtal og eit mindretal.

Fleirtalet i nemda – Joa, Kleppa, Mellgren, Polden, Skibevaag, Sundal og Aarstad – er av den meining at av dei gardane som det er tale om til plass for ny jordbruksskule for Sør-Rogaland er Øksnevad i Klepp den mest velskikka.

Ein er i det store og heile samd med det mindretalet i nemda til førebuing av ny jordbruksskule i Sør-Rogaland har halde fram om denne garden i si tilråding.

Det er eit gamalt krav frå denne luten av fylket å få ein jordbruksskule for seg. Alt då Tveit i Nedstrand i 1877 vart kjøpt til jordbruksskulegard var der ein stor fraksjon i det dåverande fylkesting som heldt på, at garden Nesheim i Nærbø var den høvelegste stad til jordbruksskule for heile Rogaland fylke. Nesheim er som Øksnevad ein typisk jærgard, og når den gongen var sterkt framme at ein sovoren gard var den best skikka – og til dette syn slutta også alle ordførarane frå Dalane seg – finn me, at der ikkje nå kan vera tvil om at ein, når me på førehand har Tveit med same jordbrukstilhøve som storparten av Ryfylke og Dalane, må finna det rimeleg å velja ein jærgard til stad for den nye skulen i Sør-Rogaland.

Ein finn ikkje at Sæland i Time, som fleirtalet i jordbruksskulenemda held på, har slike driftsvilkår som er typiske korkje for Dalane eller Jæren. Når me difor før har ein jordbrukssskulegard som har driftsvilkår liknande Dalane sine, har dette omsyn ved val av ny gard mindre å seie. Fleirtalet i jordbruksskulenemda slutter seg elles også subsidiært om Øksnevad som stad for den nye jordbruksskulen.

Øksnevad (Klepp kommunegard) ligg sentralt med riksvegen Sandnes-Åna-Sira gjennom eigedomen. Garden er vel samla og har 417 da. dyrka jord, 40 da. kulturbeite, 400 da. dyrkande utmark, 335 da. yngre bartreplanting med ymse andre ting til, såleis rett i laksefiske, torvmyr og partar i samyrketiltak. Den er såleis mangslungen nok til øvingsfelt for elevane og like godt som nokon annan gard av dei tilbodne skikka til allsidig jordbrukssdrift.

Prisen er 280,000 kroner. Klepp har lova tilskot såleis, at nettoprisen vert 180,000 kroner. Seinare har Klepp lova ennå 20,000 kroner til som ein meiner å kunne rekna med.

Garden er stor, men ein kan om ein vil anten selja bort teigar av overflødig jord eller også t.d. i samlag med Rogaland felleskjøp driva stamsedavl på garden.

Fleirtalet vil difor på det sterkaste tilrå kjøp av Øksnevad til jordbruksskulegard for Sør-Rogaland i det me seier oss heilt samd i det som fleirtalet i den førebuande nemda peikar på: 
” - - så meiner med at denne eigedomen er godt skikka som skulegard og at han vil gje rente for ein ganske stor kjøpesum”.

Mindretalet – Åsland, Søndenå, Ådnesen, Sveinsvoll og Rønnevik – meiner at Sæland er den gard som er best skikka som skulegard. Ein sluttar seg i så måte heilt til det som jordbruksskulenemnda samla har halde fram.

Mindretalet vil i det høve ha sagt: Sæland byr på både Jær- og Dala-natur. Den er difor den mest allsidige garden, som høver for allsidig opplæring. Det vart i fjor av fylkestinget sagt at garden om mogeleg og skulde høva for skog- og hagebruk. Det gjer Sæland.

Ein vil serleg understrika kor naudsynt det er at ein ved båe skulane våre får den turvande opplæring i frukt- og hagebruk.

Det var ikkje i fjor føresetnaden at det skulle kjøpast inn så mykje dyrka jord som Øksnevad byr på, men det vart derimot sagt at garden burde ha gode vilkår for kulturbeite og nydyrking.

Kva båe desse ting vedkjem har Sæland de største føremuner.

Rogaland er viktigaste sauefylke i landet. Det må difor ha sers mykje å seie, at ein får ein gard som og er sauegard. Sæland er ikkje berre den beste sauegard, den er heilt ideell sauegard. Mindretalet vil herunder og nemna at ein jordbruksskule bør driva mest mogeleg med forsøk, såleis når det gjeld sauehald.

Sæland vert og mykje billegare i innkjøp, 147,500 kroner mindre enn Øksnevad. Då ein har lita tru på at ein jordbruksskule kan driva lønsam drift reint forretningsmessig sett, vågar ein seg ikkje til å rekne med at Øksnevad kan nyttast ut økonomisk i tilhøve den høge innkjøpsprisen. Ein viser i så måte til den nye skuleplanen. Dei fleste jordbruksskular i landet gir og lite eller ikkje overskot.

Mindretalet er heilt imot det syn at Sæland ligg for avsides. Ein opplæringsstad for unge gutar bør helst ikkje liggja for nære sentrer og byar.

Medlem av nemnda, Bergsåker, held seg til den utgreiing som fleirtalet i jordbruksskulenemda har gjeve i si tilråding om denne saka og viser til denne.

Han røyster prinsipalt for at garden Sæland i Time vert kjøpt til jordbruksskulegard og subsidiært at garden Øksnevad i Klepp vert innkjøpt til dette foremål.

Mindretalet + Bergsåker vil difor tilrå fylkestinget å gjera såvore vedtak til punkt 1:

Fylkestinget samtykkjer i at gr.-nr.43, Sæland i Time, br.nr. 7 og 9 tilhøyrande Ådne Sæland og br.nr. 8 tilhøyrande Svein Oftedal i medføre av handgjeving av 3.februar 1939 og 31.oktober 1938, vert innkjøpt til jordbruksskule for Sør-Rogaland for ein kjøpesum fylgjerett 90,000 kroner og 22,000 kroner, til saman 112,000 kroner, mot at Time kommune løyver eit tilskot på 65,000 kroner.

Under tilvising til dette tilrår nemnda da at fylkestinget gjer såvore.

vedtak:

Fylkestinget samtykkjer i at fylket kjøper Klepp kommungard, gr.nr.7 Øksnevad, br.nr. 1 i Klepp for ein kjøpesum av 280,000 kroner på vilkår som er sett i handgjeving frå 5.november 1938 mot refusjon frå Klepp eller andre av 110,000 kroner og mot at Klepp kommune betaler 10,000 kroner for gamleheimen til bortflytting.

Til oppføring av internat og skulebygning og til andre byggjearbeid og naudsynte innkjøp i det vesentlege i samsvar med dei planar som ligg føre løyvast i alt 541,500 kroner.

Utgiftene vert å dekke ved lån som vert avdratt med 1/20 årleg.

Fylkesutvalet vert gjeve fullmakt til å taka opp lånet.

Til å stå føre byggjearbeidet og til å gjera dei naudsynlege innkjøp vert vald ei byggjenemnd etter nærare vedtak av fylkestinget.

Fylkestinget godkjenner nemnda sitt framlegg til plan og styre for skulen.

Fylkestinget seier seg samd i at det vert tilsett styrar for skulen frå 1.oktober 1939 og gardsfullmekt frå 1.april 1940.

Til å greie ut spørsmålet om planer for vinterjordbruksskulen vert vald ei nemnd etter nærare vedtak av fylkestinget.

Ordskiftet

Trygve Bergsåker heldt frem dei føremunene Sæland hadde. Det er rett nok at det er mykje udyrka jord og det er ikkje meininga at elevane skal slita seg ut med jorddyrking. Ein del av jorda skal liggje som reserve.

Det er ikkje rett, som det er sagt, at skulen må ha førsteklasses jord. Det skal vera ein del av slik jord også der ein kan lære å pine korn utav auren.

Det er sagt at skulen ligg avsides, men det er ikkje noko større vande med dei kommunikasjonane ein har nå. Dette har likevel vore eit av dei viktigaste argument mot Sælandprosjektet.

På Sæland er tilhøva slik at driftsmåtane på Jæren og Dalane møtast. Det veg ganske tungt i denne saka.

Men er det så at det er eit sterkt ynskje frå Dalane og Jæren å få Øksnevad fordi dei meiner den garden er den høvelegaste, så vilde talaren bøya av.

Søndenå heldt fram at det ikkje var noko heldig for elevane at skolen kom til å liggje for nær ein by.

Dessutan hadde Sæland store dyrkingsvidder og gode vilkår for sauehald, frukt- og grønsakdyrking. Det er det ikkje på Øksnevad. Vatstilhøva er og betre på Sæland og det er støypesand nok på gården til å byggje dei husa som skulen treng.

Prisspursmålet spelar og ein stor rolle for fatige kommunar som har det vanskeleg nok med fylkesskatten.

Øksnevad tek seg nok betre ut når ein såleis ser på gardane. Fine klæde er og gilde å sjå på såleis, men det er det som er innanfor klæda som har noko å tyda. Sæland høver best til skulegard om han ikkje ser så fin ut som den andre.

Årstad gjorde greide for korleis det gjekk med jordbruksskule-kjøpet i 1876. Skulen vart den gongen lagd til Tveit etter mykje strid og mange år etterpå gjekk striden om å leggje ned skulen og flytje han til Jæren. Vanskane var mange. Den gongen fekk ein ikkje kjøpe det turvande til utstyr utan at det var kritikk i fylkestinget.

Om nå Øksnevad vert skulegard så måtte dei som var imot det prosjektet sjå stort på denne saka så det ikkje blir slik knusleskap som det vart med Tveit.

Ein bør nå kjøpe ein typisk jærgard. Det er ikkje Sæland. Øksnevad var rett nok større enn talaren hadde tenkt. Men det er ein samla gard og det har mykje å seie.

Når ein snakkar om dyrkingsvilkår så er det sakte nøgda av det på Øksnevad. Jorda er god, det er så, men det er ikkje berre eit slag jor i det, så det er allsidig såleis også.

At skulen ligg sentralt har mykje å seie. At elevane får høve til å sjå på ein planteskule, på fesjå og slikt skulde vege tungt. Trivnaden blir og større på ein slik stad. Ein har ikkje lov å seie at elevane får ein bymessig svip over seg om skulen ligg sentralt.

Han slutta med å seie at han var stolt over å stå i fylkestinget og røyste net for det same som far hans gjorde i 1876.

Mellgren: Eg meinte frå først av at Sæland var best, men då eg hadde vore med på synfaringa kom eg til andre resultat. Eg fann ikkje at Sæland hadde noko felles med gardsdrifta i Dalane.

Det er rett nok at Sæland nett nå vil bli over 100,000 kroner billegare enn Øksnevad, men det vil bli større driftsutbyte av den siste garden. Det er sagt at ein må ikkje rekne med driftsutbytte av ein skulegard, men eg ser ikkje anna enn at skulen me har nå gir eit godt nettoutbyte. Difor vil Øksnevad bli billegare enn Sæland i lengda.

Joa: Eg såg frå først av at Sæland vart kjøpt, men etter synsfaringa kom til at Øksnevad var best. Dei pengar ein legg ned her vil ein få gode resultat for.

La meg få sagt at det i jordbruksamanheng da berre er teke saklege omsyn. Det er ikkje noko i dei ryktene som går at skildmenn har havt ein finger med i spelet.

Tveterås: Når ein alt i dag kan gå til realitetsførehaving av ei så viktig sak som denne, så kjem det i første rekkje av det gode førebuande arbeidet som sernemnda har gjort. Administrasjonen har også lagt alt vel til rette.

Eg trur at fleirtalet i fylkestinget vil vera samd med fleirtalstilrådinga. Det må vera snaudt om gode argument hjå mindretalet når ein må ty til slikt som faren for bymiljø på skulen og anne om skulen vert lagd på ein sentral stad.

Det er utan tvil eit sterkt ynskje både på Jæren og i Dalane å få Øksnevad til skulegard og eg vil strika under Bergsåker sine ord om å ta konsekvensane av det ynskje.

Sæland er ikkje skikka til skulegard utan at det blir dyrka opp ein heil del. Det vil bli ei ganske stor kostnad før ein får garden brukande. Øksnevad treng ikkje slikt. Den kan ein ta i bruk med ein gong.

Sundal: Dei 400 måla ein får på Øksnevad byr på dei beste vilkår for praktisk opplæring. Ein treng om godt rom. Grønsakdyrking har garden svært gode vilkår for. Me har ikkje nokon hagebruksskule her, men folk serleg på Nord-Jæren, går meir og meir over til å produsere grønsaker for direkte sal, og difor kjem det vel med den opplæringa i hagebruk Øksnevad kan gi.

Når ein til vanleg kjøper ein gard vil ein helst ha ein dyrka gard fordi den kan ein få avkasting av med ein gong. Det gjeld også når ein skal kjøpe skulegard.

Gunnar Åsland: Det er sagt at Sæland har ringare jord enn Øksnevad. Men eg som bur nærast begge gardane og kjenner dei godt, meiner at det kan bli hipp som happ. Den differansen det kan vera i den dyrka jorda på både stadane blir oppvogen av den boniteten den udyrka jorda på Sæland har.

Øksnevad vil bli over 3-dubbelt så dyr som Sæland. Det har ein del å seie det også.

Når det gjeld avstander, så er det nå overdrive ein del. På 60 minutt kan ein koma frå Sæland til Stavanger og dei treng då noko tid for å koma frå Øksnevad til Stavanger også?

Det er ikkje 10 gardar i heile fylket som er så store som Sæland. Og garden har naturskog.

Sundal kopla i hop ein privatmann sitt syn på gardkjøp med denne saka. Men det går ikkje. Skulen må ha udyrka jord og utvidingsvilkår.

Ein må ikkje berre læra elevane opp til å slå stort på med maskiner og moderne drift. Ein kan tenkje seg korleis det vil vera om elevar frå Øksnevad kjem heim til dei små gardane i Dalane og Ryfylke og vil slå om seg med slik drift. Eg vil gjerne at fylkestinget skal tenkje litt på den sida av saka også.

Ravndal: Det er sagt at ein må sjå stort på denne saka. Gjer ein det, så vil Øksnevad stå sterkt.

Skal ein setje verd på kvar einskild ting på Øksnevad, så vil ein sjå at fylket får godt kjøp.

Eg står ikkje her for å skrøyta, og det har nokre undra seg over. Eg minnest ein mann som for nedover Søragata og selde poteter til bykonene. Dei sa til han: ”Det var då ein underleg kar som ikkje skrøyde av potetene”. Han svara: ”Nei, det gjer eg ikkje. Et nå epla, så skrøyde de ittekvart!”. Slik vil det også gå om ein vedtek å kjøpe Øksnevad.

Rønnevik rådde til at ein kjøpte Sæland.

Polden: Eg kan ikkje skyna at Sæland skal høva så godt for Dalane. Det er fri fantasi å snakke om at driftsmåten i Dalane høver på denne garden. Den naturskogen ein har på garden er mest berre lauvkratt. Øksnevad ligg vel til rette for oss i Dalane.

Årstad imøtegjekk Åsland sine ord om opplæringa på skulen og dei syn elevane fekk på drifta når dei kom heim. Det var ikkje meininga at det skulde kjøpast maskinar på kvar garden, men dei unge burde kjenne til moderne maskinar.

Han peika på at Øksnevad høvde godt for stamsedavl. Når det gjeld hagebruk vilde han gjera merksam på at ein på Tveit hadde hagebrukskurs kvart år.

Talaren nemde eit skriv frå Rogaland småbrukarlag om ein småbrukarskule. Ein slik skule er ikkje turvande. Ein vil få turvande opplæring i alle småbrukarnæringar ved den nye skulen – og det er det på Tveit også. På Tveit er det ein hersens brote med høns endå til.

Åsland meinte at Øksnevad var ein typisk traktorgard. Når elevane kjem heim til dei bratte bakkane i Ryfylke kjem dei til å kvelva rundt med traktorane sine.

Tveit heldt fram at den skulen ein nå skal få må vera budd på gje opplæring i småbrukarnæringar. Slik som det er stelt i fiskarstroka må ein gjera rekning på at ein heil del av fiskarane må ta opp smånæringane.

Ravndal hadde ein merknad til Årstad fordi han hadde sparka aldri så lite etter hønsa på Tveit.

Årstad gjorde greide for hønsehaldet på Tveit.

Formannen: Det vil ikkje vera noko føremun å få ein skule som er lik den me har nå, slik som det har vore halde fram tidlegare. Jæren har kjend seg sviken fordi ein ikkje fekk skulen i 1876. Ordførarar på Jæren har gjeve uttrykk for at Jæren vil kjenne seg sviken i dag også om skulen blir lagt på Sæland.

Stange: Karmsund er nøgd med Tveit. Den høver godt i alle måtar. Når det nå skal koma ein ny skule, så er det naturleg at ein tar Øksnevad. Den har alle føremuner.

Astad minna om orda i ”Ein folkefiende”: Den er sterkest som står alene”, og gav ei utgreiding om dei føremunene Somafeltet i Høyland hadde. Her er det nøgda av gode demonstrasjonsfelt, og økonomisk var det eit forsvarleg projekt. Men dei har ikkje teke noko omsyn til Høyland i denne saka. Han vilde røysta for den skulen som ligg nærast Høyland.

Talaren kom inn på dei planane jordbruksskulane har fått og meinte at dei har blitt harde eksamensskular. Det er ikkje heldig.

Bergsåker: Når ordførarane frå Jæren og Dalane har talt for Øksnevad, så vil eg bøya meg for det og røysta for Øksnevad.

Sveinsvoll rådde til at Sæland vart kjøpt.

Polden hadde ei stutt merknad og dermed var ordskiftet slutt.

Ved førebels avrøysting vart fleirtalstilrådinga vedteken mot 11 røyster og ved endeleg avrøysting vart fleirtalstilrådinga vedteken samrøystes.

Gunnar Åsland heldt fram at mindretalet ynskte at dette vedtaket måtte bli til gagn for jordbruket i fylket.

Astad heldt fram at mindretalet hadde all æra av dei bøygde så fint av i denne saka.

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no