Tekst

Tilrettelagt undervisning

tio

 

Tilrettelagd Individuell Opplæring

Trivst du i eit aktivt miljø saman med andre? Likar du godt å stelle med dyr og plantar, og vere ute i naturen? Då kan TIO ved Øksnevad vidaregående skule vere eit godt val.

Øksnevad vidaregåande skole har eiga avdeling med Tilrettelagd Individuell Opplæring (TIO). Her er det plass til ca. 16 elevar fordelt på fire klassar. Elevane blir tekne inn på særskilt grunnlag, og får undervisning etter individuelle opplæringsplanar.

Målretta undervisning 
Hovudmålet med undervisninga i TIO er å sørgje for at du som elev skal oppnå kompetanse som gjer deg kvalifisert og attraktiv i arbeidslivet. Ein viktig del av opplegget er at vi jobbar aktivt for at våre elevar skal få utplassering i arbeidspraksis ved ein ekstern arbeidsplass.

Naturbruk

Sidan Øksnevad vidaregåande skole er ein naturbruksskule med eit eige, stort gardsbruk, legg vi undervisninga opp rundt dette. På timeplanen har vi gartnarfag, husdyrfag, hestefag, butrening, allmennfag, formingsfag, kroppsøving, friluftsliv, traktorfag, tre- og tekniske fag.

Utplassering

Arbeidstrening og utplassering i bedrift er både eit mål og eit viktig element i undervisningsopplegget ved skulen. Vi har gode erfaringar med dette, og prøver å leggje til rette for at elevane skal få utplassering i arbeidspraksis ved ein ekstern arbeidsplass, i første rekkje i den enkelte sitt nærmiljø. Dei fleste av TIO-elevane er utplassert ein dag i veka allereie frå andre skuleår.

Ungdomsbedrift

TIO har to års erfaring med omsyn til opplegg, tilrettelegging og drift av ein eigen ungdomsbedrift. På skulen sitt område har vi ein liten gardsbutikk der vi sel våre eigne produkt.

Ut på tur

TIO-klassene har felles ekskursjon kvar månad. Då dreg heile avdelinga ut på tur. Ansvaret med opplegget for turen går på rundgang i klassene, og varierer difor frå gong til gong. Av populære tema kan vi nemne fisketurar, fjellturar, strandturar, museumsbesøk, osb.

Fellesmåltid

Ein gong i månaden arrangerer vi fellesmåltid i avdelinga. Då blir det servert alt frå middag til vanleg smøremåltid, alt ettersom. Ansvaret for fellesmåltidet går òg på rundgang i klassene.

Stor trivsel

Vi er stolte av det gode miljøet vi har i avdelinga vår!

Vil du vite meir?

For meir informasjon, les lenkene under Arbeidstrening og Utvidet praksis. 
Interesserte er hjerteleg velkomne på besøk/omvising på skulen. Ta gjerne kontakt med Møyfrid Aarrestad på tlf. 51 78 80 22 (direktenummer), eventuelt 51 78 80 00 (sentralbord). 

Arbeidstrening
Tilrettelagt opplæring i egen gruppe - Arbeidstrening
Informasjon om skolens opplegg


Utvidet praksis
Tilrettelagt opplæring i egen gruppe - Utvidet praksis
Informasjon om skolens opplegg


Aktuelle lenker

Skyss av elever som får videregående opplæring

 

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no