Tekst

Naturbruk landbruk

landbruk

Vg1 - Naturbruk med fordjuping landbruk

Drøymer du om å arbeide med husdyr, plantar, maskinar, skog og naturforvalting, kan dette vere den riktige retninga for deg. Undervisninga omfattar ulike programfag som er retta mot landbruk, ”Prosjekt til fordjuping” som gjev deg mulighet for å konsentrere deg spesielt om ei bestemt retning innan landbruksfaget, i tillegg til nokre obligatoriske fellesfag.

Fordjuping landbruk gjev deg eit godt utgangspunkt for ein karriere innan naturbruksyrke. Undervisninga vektlegg det særeigne ved naturbasert produksjon og aktivitet, og dannar grunnlag for å utdanne yrkesutøvarar som kan arbeide i framtidsretta, landbruksrelaterte næringar.

Naturbasert produksjon gjev deg innsikt i grunnleggjande arbeidsoppgåver innan landbruket. I dette inngår stell av plantar og dyr, hausting og fangst av naturressursar, foredling, HMS, grunnleggjande kunnskapar innan teknikk og handverk, drift og tenesteyting.

Naturbasert aktivitet legg grunnlaget for at du skal kunne planleggje, gjennomføre og vurdere aktivitetar knytt til bruk av natur innan tradisjonelle og nye næringar. Eksempel er drift av gard, landbruksrelaterte natur- og friluftslivsaktivitetar, turisme, dessutan utvikling av nye produkt og tenester innan landbruket.

Fellesfaga omfattar av norsk, matematikk, naturfag, engelsk og kroppsøving.

Kva har du lyst til? I faget som går under namnet ”Prosjekt til fordjuping” skal du velje eit arbeidsområde som du er spesielt interessert i. Her får du mulighet til å skaffe deg grundigare innsikt i og erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer tema du har valt. Saman med kontaktlærar utarbeider du ein individuell opplæringsplan. Den kan til dømes innebere utplassering på gardsbruk, gartneri eller andre arbeidsplassar som er relevante for ditt valde område. Skulen sitt eige gardsbruk gjev òg mulighetar for fordjuping.

Studiekompetanse

Dersom du veit at du skal studere vidare, kan du etter Vg1 og Vg2 velje å ta Vg3 ”Studieførebuande naturbruk”, som gjev deg full studiekompetanse. Det er viktig å vite at enkelte høgskular har spesielle opptakskrav. Noregs veterinærhøgskule, nokre liner på Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) krev meir enn generell studiekompetanse i enkelte realfag som naturfag og matematikk. Det er høve til å bruke ”Prosjekt til fordjuping” til å ta desse realfaga.

Vidare studiar og arbeidsområde

Etter fullførd Vg1 og Vg2 på Øksnevad vidaregåande skule, kan du velje Vg3 ”Landbruk og husdyrhald” og bli agronom, eller velje Vg3 ”Studieførebuande naturbruk”, som gjev deg det beste utgangspunktet for å søkje studiar på høgskule og universitet i inn- og utland.

Ein kombinasjon av landbruksfag og studiekompetanse vil vere ein stor føremon i samband med ”grøne fag” på høgskulenivå. Det vil seie fag som omhandlar u-hjelp, landbrukspolitikk, naturforvalting, husdyr, plantevitenskap, skogbruk, veterinær og diverse tekniske fag.

Øksnevad vidaregåande skole har eit godt skulemiljø. Hos oss får du oppleve mykje av mangt. Vi er mykje ute, så du får store dosar vêr, natur og praktiske utfordringar. Læring i samspel med naturen er vårt motto – og uansett kva du vel å bli, vil åra på naturbruk vere med på å gje deg eit godt utgangspunkt på vegen vidare.

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no