

Trivst du godt i stallen og har ei levande interesse for hest og riding, vil naturbruk med fordjuping hest kunne vere eit godt val for deg. Undervisninga omfattar ulike programfag som er retta mot hest, prosjekt til fordjuping der du har mulighet for å velje hestefag, i tillegg til obligatoriske fellesfag.
Vi legg undervisninga til rette slik at kvar elev får eit godt grunnlag for å kunne arbeide i framtidsretta næringar. Du vil få mulighet til å utvikle både teoretiske og praktiske evner, i tillegg til grundigare innsikt i prosessar som inngår i naturbasert produksjon og aktivitetar relaterte til hest.
Naturbasert produksjon omfattar grunnleggjande arbeidsoppgåver og yrkesutøving innan naturbruksproduksjonar. I dette inngår stell av dyr, HMS, grunnleggjande kunnskapar innan teknikk og handverk, stalldrift og fôring av hest. Du vil òg få delta i stell av andre husdyr på skulen sitt gardsbruk, og dessutan produksjon av tradisjonelle landbruksprodukt .
Naturbasert aktivitet går ut på å planleggje, gjennomføre og vurdere aktivitetar knytt til bruk av hest og natur, som til dømes natur- og friluftslivsaktivitetar, turisme, helse og omsorg, pedagogisk tilrettelegging, med meir. I dette faget inngår òg riding og litt køyring med hest.
Fellesfaga omfattar norsk, matematikk, naturfag, engelsk og kroppsøving.
Kva har du lyst til? Du er sjølv med på å utvikle din individuelle opplæringsplan. Kontaktlæraren vil hjelpe deg med å skreddarsy fordjupinga slik at den passar best til den utdanninga du vil ta. Det vil sjølvsagt vere mulig å velje ulike typar arbeid med hest i ”Prosjekt til fordjuping”, slik at om du har spesielle interesser, som til dømes trav, vil du kunne fordjupe deg i dette og eventuelt òg finne mulighetar for relevant utplassering som ein del av utdanninga.
Studiekompetanse
Fordjuping hest kan gje full studiekompetanse. Det kan vere viktig å vite at enkelte høgskular har spesielle opptakskrav. Noregs veterinærhøgskule, nokre liner på Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) krev meir enn generell studiekompetanse i enkelte realfag. Det er høve til å bruke ”Prosjekt til fordjuping” til å ta desse realfaga.
Lærlingplass og fagbrev
Etter fullførd Vg1 og Vg2 hest på Øksnevad vidaregåande skule kan du velje å gå 2 år i lære. Her kan du velje mellom 2 retningar:
Hestefaget
Som lærling i hestefaget får du grundige kunnskapar om handtering, stell og røkt av hest. Du lærer om kva slags bygningar, innreiing og anlegg som er føremålstenlege for hest, deltek aktivt i stallteneste og må ta ansvar for fôring tilpassa hesten sitt behov. Du lærer òg å fôre og stelle føl og unghest, og å utføre oppgåver i samband med avl. Du får kunnskapar om korleis hesten sine prestasjonar kan utviklast ved trening, og du skal lære å køyre og ri hest på ein sikker og forsvarleg måte. Vurdering av om hesten er eigna for ulike oppgåver og kjennskap til ulike næringsalternativ med hest inngår i opplæringa. Som lærling må du kunne arbeide på ein måte som ivaretek både hesten og brukaren sine interesser og behov, som tek omsyn til eigen og andre sin tryggleik og helse, og til det indre og ytre miljø. Bestått fagprøve gjev yrkeskompetanse med fagbrev og yrkestittel hestefaglærd.
Hovslagar
Som lærling får du inngåande opplæring i å handtere hestar, i tillegg til bruk og vedlikehald av eigna verktøy. Du lærer å smi og framstille sko til ulike føremål. Faget gjev òg kunnskapar om klauvstell, korrekt beskjæring og korleis du set sko på ein hest. Lærlingen skal òg lære å førebyggje skadar. Minst 150 timar av læretida vil vere saman med ein veterinær som behandlar hestar. Bedriftslære inngår òg i opplæringa. Bestått fagprøve gjev yrkeskompetanse med fagbrev og yrkestittel hovslagar.
Studere i utlandet?
Øksnevad vidaregåande skole samarbeider med Writtle College i England, som tilbyr høgare utdanning innan hestefaget. Opptak føresett generell studiekompetanse. Statens lånekasse tilbyr gunstige finansieringsordningar for studiar ved Writtle College.
Bakgrunn frå hestefaget vil vere ein stor fordel i forbindelse med vidare utdanning innan fag på høgskulenivå, som til dømes veterinær, husdyrhald, idrett og fysioterapi. Naturbruk generelt kan òg vere ein fin bakgrunn dersom du ønskjer å utdanne deg som førskulelærar og lærar. Det er du som avgjer kor langt du ønskjer å nå. Øksnevad vidaregåande skole kan medverke til å gje deg nokre kjekke opplevingar på vegen.