
Hei alle elevar og framtidige elevar ved Øksnevad vgs
Eg er yrkes- og utdanningsrådgjevar ved skulen. Dersom det er noko du lurer på om fagtilbud eller val av yrke og vidare utdanning, er du velkomen til å slå av ein prat med meg!
Val av yrke eller vidare utdanning
Det kan vere vanskeleg å bestemme seg for kva utdanning du vil ta eller kva yrke du vil velje. Det er i dag eit stort mangfald av utdanningsretningar og jobbmuligheter. Min jobb er å hjelpe deg med å få ein oversikt over aktuelle tilbod du kan tenke deg å studere eller jobbe vidare med. Slik at du får eit godt utgangspunkt for å ta det rette valet. Eg kan for eksempel hjelpe deg med å finne informasjon om ulike utdanningar og yrke. Eg har kontor i administrasjonsfløyen og ser gjerne at du stikker innom for ein prat.
Lurer du på om du skal søkje Øksnevad vgs skuleåret 2011/2012?
All søking foregår på denne nettstaden: http://www.vigo.no/ . Fristen er 1.mars 2011.
Dersom du ønskjer meir informasjon om skulen og fagtilbudet vårt, er du velkomen til å ta kontakt!
Tlf 51 78 80 27
Epost:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Helsing
Willy Miljeteig
Design og utvikling av www.webservice.no ©2010