
På garden er det ein del steingardar som er viktige kulturlandskapselement. Dei er med å gje eit biologisk mangfald. Dei er lødde manuelt av lokal dyrkingsstein i perioden frå 1890-åra til ut på 1950-talet. Ein del av gardane er viktige og gode gjerde og gjev livd for dyra på beitene.
Ikkje lov å fjerna etter dagens lovverk.
Det er eit mål å halde steingardane ved like. Frost, slitasje frå dyr, påkjøring med traktor og maskinar er med å skade steingardane. Einskilde plassar er det dårleg kvalitet på steinen (rund) som gjer det vanskeleg å få til ein stabil steingard. Her vil det vere ein stor fordel å byte ut nokre steinar av betre løkvalitet. (foto: steingard)
For å få ein gjennomført stil er det eit mål ved fornying av lestolpar i steingardane å skifte til stolpar av lokal stein. Det kan vere kilt granitt eller heller av gneis som er kilt og hogd.
(foto: steingard)
Dalen /Kalvahagen
Mål
Gjerde for hest, storfe og sau.
Skjøtsel
Denne steingarden er nokre stader litt for høg, og det er med å gjere den ustabil. Det kan vere aktuelt å ta av nokre steinar på toppen for å redusere dei høgste partia. Eit par plassar må det skiftast ut nokre steinar, og steingarden må bli lødd på ny.
Sauabakkane
Mål
Gjerde for hest, storfe og sau.
Skjøtsel
Ein del parti med nedrast stein må bli lødd på ny for å få til ein stabil gard som kan stoppa sauene.
Øvre Atlanteren mot veg
Mål
Viktig del av kulturlandskapet
Skjøtsel
Steingarden er lødd for høg på eit parti midt på bakken, noko som er med å gjere den ustabil. Her må det reduserast på høgda. I begge endar bør det setjast opp ein avslutningsstein.
Nordåkeren / Nordskogen
Mål
Framstå som eit tydeleg kulturlandskapselement.
Skjøtsel
Fjerne ein del vegetasjon på sørsida (Nordåkeren) og lø opp nedrast stein.
Purkehagen /Dalen
Mål
Gjerde for hest, storfe og sau.
Skjøtsel
Steingarden er lødd av stein som er av ein størrelse og kvalitet som gjer det umuleg å lø den så høg at den stoppar sauene. Derfor må det monterast trådgjerde på toppen. Dette gjer ein ved å bore i store steinar med tre meter avstand for å montere jernstolpar. Så strekkjer og festar ein tre trådar i jernstolpane.
Ny steingard
På nordvestsida av fjøset må det bli lødd ny enkel steingard frå spønehus til grind mot gjødselkum. Den må gå delvis parallelt med den som står i dag med ein avstand på 5-8meter.

Kartet viser inndelinga i dei forskjellege jordstykka på Øksnevad vgs.