Tekst

Gjerdehald (Skjøtselsplan 2008-2012)

Gjerdehald

I tillegg til steingardane er det mykje nettgjerde på eigedomen. Grunna stor slitasje av dyra treng desse gjerda tilsyn og vedlikehald der nett og stolpar må skiftast ut. Ved utskifting av nett er det viktig å bruke nettype der dyra ikkje får hovudet inn i opningane. Stolpane må vere impregnerte og av rund type. Over nettet må det brukast tråd. Langs veg skal det ikkje brukast piggtråd. Der ein har tilgang på straum frå elgjerde skal ein bruke blank tråd med straum.

Det er eit mangfald av grinder på eigedomen. Det er vanskeleg å få til ein gjennomført stil på alle grindene. For undervisninga kan det ha verdi å bruke ymse typar og tekniske løysingar på grindene. Som kulturlandskapselement kan dette mangfaldet ha sin verdi.

Yttergjerdet ved luftegardane ved stallen skal vere i kvit plast med el- tråd innstøypt. Oppdeling i mindre luftegardar kan setjast opp med el-gjerde, men då i materiale og utføring som passar til yttergjerdet. Elgjerde med nylontråd og plaststolpar blir brukt der gjerde bare skal stå for kortare tid.

Mål
Alle gjerde skal setjast opp beint med ein kvalitet som held dyra på plass og framstå som eit solid kvalitetsarbeid i kulturlandskapet.

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no