
Garden er stor og har eit mangfald av kulturlandskapselement som blir forsterka gjennom allsidig drift. Gjennom gardsdrifta må det vere eit mål å drive slik at ein tek vare på og vidareutviklar dette. I dag er husdyrhaldet og det meste av jorda drive konvensjonelt. Bråtet, som er på 25 dekar, er drive økologisk med gras og kløver, potet og grønsaker. (foto: Øksnevad vgs. Sauer som beiter i forgrunnen)