
Det er eit mål å ha beitande husdyr på areala med innsyn frå rv.44. Beitedyra vil vera med å prege kulturlandskapet og gje publikum ei positiv oppleving.
Arealet passar godt for beiting med skotsk høglandsfe. Passande tal med dyr er ein avlsokse og to kyr. Ungdyra bør seljast eller tas bort frå området så fort som råd for ikkje å få for stort beitetrykk.
Sitkagranskogen gjer godt ly for dyra og bør stellast for dette føremålet. På våren og føresommaren må beitetrykket regulerast for å tilpassast ei viss beiting av takrøyr i kantsona. Dyra kan vassa ut for å beita. Ettersommar og haust må beitetrykket regulerast med anna beite i tillegg. På vinteren må dyra fôrast, og fôringsplassen bør vere i området rundt Ventilkammeret. På fôringsplassen bør det brukast grov flis for å få eit trivelegare miljø for dyra (sjå også ”Øksnavadtjern naturreservat). (foto: Høglandsfe)
Beiting med sau heile beitesesongen.
Sambeiting med storfe og sau og for nokre beite også hest.
På permanente beite kan det vere aktuelt å plante inn solitærtre som gjev skugge for dyra og er med å prege kulturlandskapet. Eik og platanlønn er dei mest aktuelle treslaga å bruke. Det må plantast tre på 3-4 meter, og dei må dei første åra beskyttast mot beiting. Aktuelle beite for planting av skuggetre kan vere: Purkehagen, Kalvahagen, vestre Mybeskiftet og Austbeitet. Det må ikkje plantast meir enn 2-4 tre på kvart beite (sjå kart).
For heile eigedomen utanom skogen må det drivast kamp mot desse fleirårige artane:
Høymol Åkertistel Brennenesle
Landøya Vegtistel Hundekjeks
Myrtistel
Engsoleie, knappsiv og lyssiv bør haldast under kontroll i beita.
Geitrams er ikkje problem i vanleg jordbruksdrift og heller ikkje i beite då dyra beitar den. På åkerreiner og liknande stader kan ein vurdere å la geitramsen stå. Den vil vere med å gje eit større biologisk mangfald og kan vere eit fint innslag i kulturlandskapet.
Bulkemispel er ein busk som har forvilla seg på eigedomen. Mattilsynet har svartelista den grunna pærebrann. I parken og skogen på Øksnavarden og Nordskogen er det mykje bulkemispel. Det bør vurderast om det i samarbeid med Mattilsynet bør setjast i gang eit prosjekt for å utrydda den.