Tekst

Jakt (Skjøtselsplan 2008-2012)

Jakt

Verdiar

Skolen har fellingsløyve på tre rådyr. Elles kan det jaktast på dei mest vanlege småviltartane i området slik som hare, due og dei mest vanlege andefuglane som det er lov å jakte på. Det kan òg vere aktuelt  å jakte på rev for å ha ein viss kontroll på bestanden. Av skogsområde er  Sørskogen den mest eigna for jakt. I Loneheia kan det og jaktast, men ved rv. 44 og naturreservata ved Øksnavadtjern og Lonevatn vert tilhøva for jakt vanskelege. På den dyrka jorda og i reinseparkane  kan ein drive jakt. Langs Figgjoelva er det gode forhold for andejakt om hausten. Jakta vert i dag nytta av tilsette og elevar.

Skjøtsel

På heile eigedomen er det viktig å leggje til rette for eit stort biologisk mangfald. Det er med å sikre gode levekår for artar som det kan jaktast på. Jakta må styrast slik at det i periodar ikkje vert jakta for mykje på enkelte artar. Skolen kan og vurdera å leige ut jakta på reint kommersiell basis.

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no