
Har potensial til å bli eit flott utkikkspunkt. Flott morenehaug med muligheit for å få til god utsikt. Botnmorene med godt jordsmonn. Dominerande treslag er edelgran og sitkagran. Ein del naturleg eik, hassel og lind i sørhallinga. Flott bestand av osp i nordvest. Rikt fugle- og dyreliv. Nærleik til skole med park og tun. Gravhaug på toppen med vasstank i kanten. (foto: utsikt frå varden)
Gradvis fjerning av grana og etablering av edellauvskog i sør. Utvikle bestanden av osp i nordvest. Ta vare på enkle eiketre og elles ta øvre del av arealet i bruk til beite når det er fjerna nok av granskogen. (sjå også ”Kulturstien”)