
Skog av god kvalitet der det kan drivast rasjonell skogsdrift. Viktig for undervisninga i skogsdrift. Skogen har til saman stort biologisk mangfald med kantsoner mot Lonevatn, Figgjoelva, Øksnavadtjern og mot ope landbrukslandskap. I myra nord for Øksnavadtjern er det ein spesiell flugebiotop. I tillegg til godt skogsvegnett som kan nyttast til turgåing, er det natursti. Treslaga er i dag norsk gran, sitkagran, lerk, ein mindre bestand furu og litt lauvskog. Mulig med avgrensa jakt. (foto: Lerkeskogen i Loneheia)
For å gje ei lysare oppleving for dei som ferdast på rv. 44 og auke det biologiske mangfaldet er det ynskjeleg å plante lerk på teigane mot rv 44. Teigen søraust for bomstasjonen er eit felt med store tre av sitkagran. Denne bestanden vil ein gjennom lette tynningar kunne vekse til store tre. Kan bli interessant å følgje utvikling av store tre og gje oppleving for publikum.
Kantsona mot sør bør etter kvart skiftast ut frå sitkagran til blanda lauv med innslag av eik. På vestsida av vassleidninga til VAR og frå skogsvegen over mot eigedomsgrensa i sør er det ei kantsone med sådd eik og bøk. Denne skal stellast med tanke på å få ein lauvskogskjerm midt i skogen. Kantsona mot Lonevatn og Øksnavadtjern bør vidareutviklast med variert bestand av stadeigne lauvtre. Lerk og furubestanden sør for bomstasjonen skal takast vare på som ein lysare del av skogen og stellast med tanke på oppleving og kvalitetstømmer.
I flugebiotopen nord for Øksnevadtjern bør ein fjerne oppslag av lauvskog og sjå til at det er opning ut mot tjernet. Dette bør gjerast annakvart år for å sikre ideelle forhold for fluga. (sjå også ”Naturstien”)