
Historisk verdi. På Øksnavad har me fleire fornminne. Fornminne er eldre enn 1537 e. Kr. og er freda ved lov. Alle fornminne er automatisk freda med ei sone på minst fem meter rundt kvart objekt. Fornminne ein kjenner til på Øksnavad er heller (på naboeigedom – knytt til skulen sin kultursti), gravhaugar (to på Øksnavadvarden og to i beite), åkerhakk, høystakktufter, vadesteinar og restar av ferdsleveg.
Ved gravhaugane på Øksnavadvarden er det behov for å fjerne vegetasjon jamleg for å hindre nedgroing. Kulturminna som finst i beita må ikkje utsetjast for traktorkjøring eller anna maskinell belastning. Det er viktig at det blir beita på og rundt desse kulturminna. (foto: Gravhaug på Øksnevarden)