
Gir betre lokalklima, er viktige landskapselement og viktige for det biologiske mangfaldet.
Ammetre – mest poppel – skal fjernast. Buskar og varige tre treng jamleg beskjæring. Maskinell beskjæring er det mest rasjonelle, og vil bli brukt på dei fleste av leplantingane. For at leplantingane ikkje skal verta for breie må sidene klippast med 2-4 års mellomrom. Det er og viktig å klippe i le/opningar. For leplantingar som ligg langs kulturstien, vil det av estetiske omsyn vere ynskjeleg med manuell beskjæring. Leplantinga mellom Øksnavadvarden og Nordskogen er ein viktig del av kulturstien, og skal beskjærast manuelt. Supplering med nye planter der det er behov. (foto: leplantingar)