
Lonavatnet vart freda som naturreservat 20. desember 1996. Føremålet med fredinga er å bevare eit våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv. Området er eit viktig overvintringsområde for ender og songsvaner, og ein god hekkelokalitet for våtmarksfugl. Lonavatnet er ein del av Figgjoelva, med oppgang av laks og sjøaure. Veleigna for kanopadling. Reservatet dekkjer eit område på ca 321 daa – av dette er ca 127 daa landareal.(foto: kanopadling)
Det er strenge vernereglar som gjeld for området – desse finn ein i eiga forskrift knytt til fredinga. Det er viktig med breie, gode kantsoner med naturlege overgangar mot reservatet. Kantsonene bør vere stadeigne lauvtre med naturleg forynging. (foto: Lonavatn)