
Øksnavadtjern vart freda som naturreservat 20. desember 1996. Føremålet med fredinga er å bevare eit våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv. Området er eit viktig hekkeområde for våtmarksfugl. Dødisgrop frå istida. Reservatet dekkjer eit område på ca 123 daa – av dette er ca 31 daa landareal.(foto: Øksnavadtjønn)
Det er strenge vernereglar som gjeld for området – desse finn ein i eiga forskrift knytt til fredinga. Det er viktig med breie, gode kantsoner med naturlege overgangar mot reservatet. Kantsonene bør vere stadeigne lauvtre med naturleg forynging. Langs delar av tjernet er det beiting med høglandsfe for å halde tre og takrøyrskog nede (sjå også om ”beiting”). (foto: grågås)