Tekst

Kulturstien (Skjøtselsplan 2008-2012)

Kulturstien

Kart: Natur- (grøn løype) og Kulturstien (rød løype)
Kulturstien

1. Gardstunet

Startpunkt og informasjonsskilt ved den gamle skulestova. (foto: skulestova)

Kulturstien

2. Øksnevarden

Mykje planta granskog i dag, skal på sikt utviklast til meir ope landskap med beite og solitærtre og edellauvskog. Vil bli godt utsiktspunkt når granskog er fjerna. Langs stien vil ein på kort sikt erstatte gran med lauvtre. Fornminne knytte til Øksnavadvarden er gamle gravhaugar og ein steinheller på naboeigedomen. Gjerdeklyvar og skilt sikrar tilgang til helleren.  (foto: helleren)

Kulturstien 

3. Kantsone langs dyrka mark

Stien går mellom leplanting og steingjerde mot nabo. Her er det sådd i med gras som ein må slå i vekstsesongen. (foto: steingjerdet, leplantinga)

Kulturstien

4. Nordskogen

Stien går gjennom skogen og vidare nedover langs elva. Det meste av skogen skal etter hogst fornyast ved naturleg suksesjon. Heile skogen skal berre ha artar som naturleg finst på Øksnevad. Langs elva rundt gapahuken skal ein halde det relativt ope, med tanke på friluftsaktivitetar og fiske. Her skal også gapahuk og bålplass og badeplass vedlikehaldast. Lenger nedover langs elva skal krattet behaldast, med tanke på å ta vare på biologisk mangfald. (foto ved gapahuken)

Kulturstien

5. Kantsone mellom dyrka mark og Figgjoelva

Langs elva skal ein ta vare på tre og kratt. Ein opnar for begrensa hogst for å sikre tilkomst til dei beste fiskeplassane. Stien går i kanten av dyrka mark. Her er det sådd i med gras som ein må slå i vekstsesongen. (foto: langs Figgjoelva)

Kulturstien

6. Kantsone mellom beite (Sauabakkene) og Figgjoelva

Det går gjerde mellom beitet og elva. Stien går langs gjerdet på beitet. Her er det ofte fuktig, og det er lagt ut tråkksteinar for å gjere det meir framkommeleg. Brua over kanalen frå reinseparken skal haldast ved like. Det skal vere gjerdeklyvarar i øvre og nedre del av beitet. I kantsona mot elva skal vegetasjon som etablerer seg få stå i fred. Ein opnar for begrensa hogst for å sikre tilkomst til dei beste fiskeplassane. I beitet er det restar av gamal ferdsleveg (freda kulturminne) som ikkje må øydeleggjast. (foto: tråkksteinar m/folk på tur)

Kulturstien

7. Vadesteinane

Viktig kulturminne i elva. Det skal vere skilt som viser vegen til vadesteinane. (foto: vadesteinane)

Kulturstien

8. Grusvegar i kulturlandskapet

Grusvegane er viktige for gardsdrifta, samtidig som dei er ein del av kulturstien. Ein finn kulturminne som gravhaugar, åkerhakk og høystakktufter i marka rundt vegane. Det er aktuelt å vurdere betre merking av desse kulturminna. Arkeologisk museum driv òg utgravingar i området. Ved drift må ein ta omsyn til desse, ein må til dømes unngå køyring med traktor på eller tett ved desse kulturminna. Steingjerde og leplantingar er viktige landskapselement som ein må halde ved like. Informasjonsplakatar om kulturminne må haldast ved like langs heile stien. (foto: grusvegar i kulturlandskapet)

Kulturstien skal skiltast med pilforma skilt, der det står ”Kultursti ” med raud skrift.

 

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no