
Parkområdet er skolens ansikt utad, og det første folk møter når dei besøkjer skolen. Det må derfor haldast godt ved like og vere i stadig utvikling. Området skal vere estetisk vakkert og til rekreasjon for tilsette, elevar og folk som kjem på beøk. På slutten av 1980-talet starta anleggsgartnarlinja ved skolen, og mange nye tre og buskar vart etablert. Utomhusområdet vil òg vere med å vekkje interesse for faget.
Verdiar
Alt har same verdi innafor det som er definert som parkområdet til skolen. Særleg er inngangspartiet og idrettsbanen prioriterte område. Det er inngått avtale med ekstern bedrift når det gjeld vedlikehaldet av idrettsbana. Utomhusområda er viktige i undervisninga, både som undervisningsrom og – verktøy. Det er ynskjeleg å få oppgradert dagens område, og i den nye skjøtselplanen er det nye idear for indre park. For eksempel vannspegel, det vil seie ein dam med fiskar der elevane kan lære meir om kva planter som eignar seg til dette bruk, og ved den gamle skolestova kan det plantast historiske vekster som var pryd og matauke i gamle dagar.
Generelt vedlikehald
Nødvendig gjødsling, kalking og vatning. Sprøyte, dekkje jord, klippe graset, fjerne ugras, beskjære buskar og tre. Beplanting.
Grenser
Områda er blitt avgrensa og delt inn i nummererte punkt, sjå kartet som er lagt ved. Steingardar og forstøytingsmurar innafor parkområdet høyrer inn under skjøtselplanen for parken.
Status
Området består av plenareal, verdifull trebestand, busk og blomsterbed og tre sitjeplassar med fastbelegg.
Skjøtsel
Det må lagast plan for å oppgradere området. Det trengst større oppgradering av alle sitjeplassane og ny detaljplan må utarbeidast. Rundt den gamle skolebygningen bør det lagast ein planteplan med historiske planter. Trebestanden må vurderast og supplerast for å utvide sortimentet. (foto: høst i parken)
Grensene til gardstunet går langs forsida av gamal og ny driftsbygning, langs garasjeanlegget til olje/drivstoffbuene, vidare søraustover langs forstøytingsmuren til Blitzhuset og ned til hjørnet av den gamle driftsbygningen.
Status
Dette er eit trafikknutepunkt for gardsdrifta og dei forskjellige avdelingane. Bortsett fra små grøntområde og bed er tunet gruslagt. Grusen støvar kraftig i tørre periodar.
Skjøtsel
Grusareala må haldast ved like. Fylle på nødvendig grus og slodde etter behov, grusen må haldast fri for ugras. Beda, plenareala og tuntreet er viktige element i skjøtselplanen.(foto: gardstunet. ”Fattighuset” i bakgrunnen)
Desse områdea består hovudsakleg av plenareal og trafikkområde. Trafikkområdet her er asfaltert.
Skjøtsel
Plenane haldast ved like som bruksplenar. Skjøtsel av asfalt - sjå trafikkarealet. (foto: aktivitetshuset)
Arealet består av restar frå tidlegare beplantning, hovudsakleg ungtre frå nittitalet. Heile området har vore nedprioritert og bør opprustast.
Skjøtsel
Arealet som vender mot fasadane til driftbygningen, bør plantast til med solitærtre for å gjere bygningen mindre dominerande. Treng å opprustast. (foto: ny driftsbygning)
Fungerer som lagerplass for anleggsgartneravdelinga.
Skjøtsel
Vidare planar må leggjast når det kjem nytt bygg. (foto: nedsida av den gamle driftsbygningen)
Skjøtsel
Det er behov for høgare beplanting for å oppnå meir le mot vinden og gjere bygget mindre dominerande. (foto: baksiden av nytt reiskapsbygg mot dyrka mark)
Der det bur folk i husa, blir hagane disponert og haldne ved like av leigetakarane. Skolen har avtale om å bruke hagane til undervisningsføremål.
Skjøtsel
Vanlig vedlikehald, etablere nyanlegg (foto: hus som vert nytta av Tio-avdelinga).
Samtlege frukttre er i dårleg tilstand.
Skjøtsel
Frukttrea må skiftast ut. Årleg beskjæring av frukttrea. Grasareala blir haldne ved like som bruksplen. (foto: frukthagen)
Skogdekt mark
Skjøtsel
Eksisterande trebestand supplerast med ulike artar eik. Skogbotnvegetasjon blir etablert.(foto: idrettsbana med bestander av eik i bakgrunnen).
Skogdekt mark.
Skjøtsel
Regelmessig tynning for å oppnå eit variert skogsbilete og utvikle ungskogen i bestandar.(foto: skog/naturområde aust for olje/drivstoffbuene)
Fotballbana blir leigd ut. Det er behov for ulike fasilitetar.
Skjøtsel
Haldast ved like som moderne idrettsarena.(foto: idrettsbana)
Det er tre parkeringsplassar på området, ein for elevar og to for tilsette. Alle har asfaltbelegg.
Skjøtsel
Snørydding, strøing, feiing og øvrig reinhald
Vegnettet for øvrig - same skjøtsel som nemnt for parkeringsplassane. (foto: parkeringsplass for elevar)
Dette er førsteinntrykket når ein kjem til skolen og bør ha førsteprioritet i skjøtselsplanen.
Skjøtsel
Beskjæring og ugrasfjerning. Etablere vegetasjon. (foto: innkjørsel frå rv 44)
Innafor parken er det fleire flotte og eksemplariske tre, som krev kyndig pleie. Desse opptrer både som solitærtre og i rekkjer/ alléar.
Skjøtsel
Nødvendig beskjæring og trepleie. (foto: allétre foran skolens hovedbygg)