Tekst

Ny YOU-rådgiver

willy_miljeteig











YOU-rådgiver Willy Miljeteig

Hei alle elevar og framtidige elevar ved Øksnevad vgs

Eg er yrkes- og utdanningsrådgjevar ved skulen. Dersom det er noko du lurer på om fagtilbud eller val av yrke og vidare utdanning, er du velkomen til å slå av ein prat med meg!

Val av yrke eller vidare utdanning

Det kan vere vanskeleg å bestemme seg for kva utdanning du vil ta eller kva yrke du vil velje. Det er i dag eit stort mangfald av utdanningsretningar og jobbmuligheter. Min jobb er å hjelpe deg med å få ein oversikt over aktuelle tilbod du kan tenke deg å studere eller jobbe vidare med. Slik at du får eit godt utgangspunkt for å ta det rette valet. Eg kan for eksempel hjelpe deg med å finne informasjon om ulike utdanningar og yrke. Eg har kontor i administrasjonsfløyen og ser gjerne at du stikker innom for ein prat.

Lurer du på om du skal søkje Øksnevad vgs skuleåret 2008/2009?

All søking foregår på denne nettstaden: http://www.vigo.no/ . Fristen er 1.mars 2008.

Dersom du ønskjer meir informasjon om skulen og fagtilbudet vårt, er du velkomen til å ta kontakt!

Tlf 51 78 80 27

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen '; document.write( '' ); document.write( addy_text477 ); document.write( '<\/a>' ); //--> Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Helsing

Willy Miljeteig