
Er du interessert i friluftsliv? Då er naturbruk med fordjuping innan natur og friluftsliv eit spennande val. Denne retninga inneheld programfag og fordjupingsfag som er retta mot natur og friluftsliv. I tillegg kjem dei obligatoriske fellesfaga.
Programfaga gjev deg ei innføring i naturbruksyrke med vekt på natur og friluftsliv. Vi fokuserer på det særeigne ved naturbasert produksjon og aktivitet, og dannar grunnlag for at du skal kunne arbeide i slike framtidsretta næringar. Her får du innsikt i prosessar som inngår i naturbasert produksjon og aktivitetar, samstundes som du utviklar dine praktiske evner.
Naturbaserte aktivitetar lærer deg å planleggje, gjennomføre og vurdere aktivitetar knytt til bruk av naturen med tanke på både tradisjonelle og nye næringar. Eksempel kan vere kano- og kajakkpadling, overnattingsturar, laksefiske og klatring. Her lærer du òg å leggje til rette for ulike typar naturbasert turisme. Du deltek i pedagogisk tilrettelegging av aktivitetar, og dessutan utvikling av nye produkt og tenester som er vinkla mot natur og friluftsliv.
Naturbasert produksjon tek for seg grunnleggjande arbeidsoppgåver og yrkesutøving innan naturbruksproduksjonar vinkla mot natur og friluftsliv. Du får òg delta i produksjon av tradisjonelle landbruksprodukt, og dessutan stell av husdyr på skulen sitt område.
Fellesfaga omfattar norsk, matematikk, naturfag, engelsk og kroppsøving.
Kva har du lyst til? ”Prosjekt til fordjuping” er namnet på fastsette timar der du kan spesialisere deg. Skulen har sett opp ulike tema du kan velje mellom, og saman med kontaktlæraren din kan du skreddarsy ein opplæringsplan som passar til den utdanninga du ønskjer deg. ”Prosjekt til fordjuping” kan brukast til å ta ekstra realfag på skulen eller til arbeid utplassert i ei eigna bedrift.
Studiekompetanse
Etter fullførd Vg1 og Vg2 kan du velje Vg3 Landbruk og husdyrhald eller Vg3 studieførebuande naturbruk. Kva du vel, kjem an på om du ønskjer å gå vidare til studiar på høgskular og universitet i inn- og utland. Bakgrunn frå naturbruk vil vere ein stor fordel i forbindelse med vidare utdanning innan ”grøne fag” på høgskule- og universitetsnivå. Eksempel på dette er naturforvalting, husdyr- og landbruksfag, naturfag, idrett og friluftsliv, veterinær og lærarutdanning.
Bli kva du vil!
Enkelte høgskular har spesielle opptakskrav som du bør vite om. Noregs veterinærhøgskule, nokre liner på Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) krev enkelte realfag i tillegg til den generelle studiekompetansen. Som student hos oss kan du gjerne bruke ”Prosjekt til fordjuping” til desse faga.
Denne studieretninga krev at du likar å vere ute i all slags vêr. I tillegg må du kunne tileigne deg teoretiske fag. Øksnevad vidaregåande skole er kjend for ”læring i samspel med naturen”. Det betyr rikelege mengder med frisk luft og ei rekkje varierte, praktiske utfordringar som krev god fysikk og positiv haldning.