Tekst

Orientering i Lonaheia



Orientering i Lonaheia

14.juni 2006 (Av Audun Rosland)

Omkring 450 aktive idrettsfolk orienterte i Øksnavadskogen nyleg. Dei fekk sjå Lonaheia med skogen og utmarksareala frå si beste side då dei var innom på Øksnevad siste maidagen. Arrangør var bedriftsidrettslaget ved Avinor.

Orienteringsfolka deltok i omkring 20 ulike grupper frå 16 år og oppover til 79 år alt etter alder og ”ferdighet” og av desse fullførde 443 og fann postane. Marka var tørr og det var lett å ta seg fram i på tross av tett skog og bratte skrentar ved Figgjoelva.

”Dette er bra bruk av skogen og arealressursane på Øksnevad videaregåande skole” seier rektor Paul Terje Haarr. Han gjorde sitt for å ta i mot det talrike besøket denne dagen og stilte også til start i løpet der han sikra seg eit respektabelt resultat. Interesserte kan sjå meir om orientering på heimesidene til bedriftsorienteringa i Sør-Rogaland; www.bisori.org/

Areala ved tunet og uteplass omkring bygningane ved driftssenteret blei brukt til å parkere på. Bilar var parkert omkring dei nye verkstad – og maskinhusa så vel som stall og veksthus, sjå bileta! Innkomst var utanfor gartneriet med resultatservise på hjørnet med blomsterutsalget. Slik fekk idrettsfolka også sett ein god del av ressursane knytta til skolen.

På området for orienteringsløpet er det også ei natursti og på skulen fins og kulturstien som er populære for friluftsturar. Området kalla Lonaheia ligg langs lakseelva Figgjo og inntil riksveg 44. Postane er det råd til å finna med GPS – orientering, dette er eit spesielt tilbod frå Ganddal I. L. Sjå heimesidene:www.gandor.org, der det også er kart for Øksnavad-området. Kartet er også nytta til turorientering nå i perioden april til november.

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no