
Øksnevad vgs. har hatt besøk fra Bore ungdomsskule. Bildet er tatt ved Figgjo-elva.
Av Linda Søreide, 15.mai 2006
Fredag 12. mai var 76 elevar frå 8. klasse ved Bore ungdomsskule på besøk her hos oss. Klasse 3N og Willy Miljeteig (lærar i naturforvaltning) hadde laga til eit opplegg for ungdomsskuleelevane. Halvparten av gruppa spelte fotball og volleyball, mens den andre halvparten fekk vere med på ulike aktivitetar: Livet i rennande vatn, kanopadling i Figgjoelva, hesteriding, dyra på garden, natursti + fugletårn + høglandsfé. Elevane fekk også med seg ein kort presentasjon av skulen og utdanningsprogrammet Naturbruk. Etter grilling i parken bytte dei to gruppene. Elevane frå Bore var ivrige og interesserte og 3N gjorde ein god jobb som lærarar!