Tekst

Nytt besøk i Konjic


Samla foran den nyrestaurerte gamlebrua i Mostar rektor Zahid, Ingvild, Leiv, Torunn og verten Kasim

03.04.06

Øksnevad vidaregåande skole har i fleire år hatt samarbeid med Srednja Skola Konjic, ein vidaregåande skole i Konjic, Bosnia-Hercegovina. Srednja Skola Konjic har 1250 elevar fordelte på alle slags liner innan vidaregåande utdanning, blant dei landbruk og allmennfag.

Nyleg var fire lærarar frå Øksnevad – Torunn Haugan Owren, Runar Odland, Ingvild Kjosavik og Leiv Olsen – i Konjic for å diskutera korleis samarbeidet skal drivast i framtida. Me tenker oss i fyrste omgang samarbeid i to fag, med tida i fleire:

  • Landbruksutdanning. Me vil tilby sommaropphald på norske gardar for elevar som tar landsbruksutdanning ved Srednja Skola Konjic. Opphalda blir sommarkurs fylt med fagleg innhald, fortrinnsvis på gardar som har likskapar med bruk dei kjem frå. Slik håper me å gi impulsar til landbruket i Bosnia-Hercegovina.
  • Nytt valfag for Øksnevad-elevar: internasjonal kulturforståing. I dette valfaget vil det inngå ei vekes opphald i Konjic, med besøk til historiske stader i Bosnia-Hercegovina (Sarajevo, Mostar m.fl.). Me vil sjå korfor Bosnia-Hercegovina har blitt liggjande i skjeringspunktet for mange av Europas store konfliktar, og på det viset få større forståing for korleis slike konfliktar kan løysast, og me vil sjå verdiane i andre kulturar enn vår eigen.
  • Seinare ønskjer me å få til eit samarbeid om opplæring innanfor naturforvaltning eller miljøfag.

Jæren produktutvikling er sentrale i arbeidet, det er dei som har skaffa midlane som har gjort samarbeidet mulig.

Som gjestar blei me svært godt mottatt i Konjic; det er ein sentral del av den bosniske kulturen at gjestar skal føla seg vel. Tidlegare ved Øksnevad som har vore på besøk der, har alle fått minne for livet. Me trur elevane våre vil ha stort utbytte av at dette samarbeidet held fram og blir utvida.

Leiv Olsen

Se fleire bilder fra turen

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no