
Eit bilde seier meir enn tusen ord. Kartet talar for seg sjølv.
27.mars 2006
Motorsportsenter til Øksnevad?
Pådrivar Olav Underhaug seier at Øksnevad er beste alternativ. Motorparken Rogaland, er ein organisasjon som prøver å få laga eit motorsportsenter. Underhaug er leiar her. Av 23 vurderte plasser, så har dei vurdert Øksnevad som best eigna. Motorsportsenteret skal fullt utbygd vera på nærmare 700 dekar. Mesteparten av dette ligg på skulens område. Eit par nabogardar blir også ramma.
Konflikt med verditenkinga
Oddmund Hognestad, lærar i jordbruk og skogbruk m.v., uttaler at motorsportbane står i sterk kontrast til skolen som har hovudfokus på naturvern. Han meiner det blir feil å nytta nærare 700 dekar av produktiv jord til motorsportbane når det finst eigna alternativ. Det er andre stader med uproduktivt areal som kan nyttast.
Typisk elev ved Øksnevad vgs.
Vi reknar med at ein typisk elev som vel Øksnevad vgs. er interessert i naturbruk. Naturfaglærarar ved skolen peikar på at kvaliteten for undervisninga blir dårlegare ved å rasere om lag halvparten av uteområda, altså dei ”klasseromma” skolen nå disponerer. Dessutan blir naturreservata som skolen disponerer, sterkt påverka av å ha eit motorsportsenter som nabo. Støyen frå eit motorsportsenter vil høyrast i kilometers omkrets og påverka fugle- og dyrelivet. Ola Lode, fungerande driftsleiar for gardsbruket, uttala at dersom det kom eit motorsportsenter, så ville ikkje Øksnevadtjørn lengre ha verdi som naturreservat.
Første spiker i kista
Hovudutval for lokalutvikling i Klepp har hatt saka til høyring. Seks av ni politikarar svara kontant nei. Tre politikarar ønskte meir informasjon. Dette er ein siger for skulen. Området ligg innanfor LNF-område (Landbruk-, natur- og friluftsføremål). Dette skulle eigentleg vera god nok grunn til å seia nei. Vi forventar at fylkespolitikarar viser fornuft og vilje til fortsatt å satsa på Øksnevad vgs. som naturbruksskule. Det er god søkning til skulen. Faren er at blir det først ein bane, så kan det lett bli dispensasjon for anna utbygging også på LNF-området. Skulen vil truleg også forandre karakter til å bli ein skole med fokus på teknikk og motorsport. Dei som arbeider for motorsportsenter, ønskjer sjølvsagt ikkje heller at rånekjøring o.l. skal stå i sentrum, men med ein stor elevflokk som naboar til senteret, så vil nok interessa bli vekt.
Uteområda som klasserom
Geir Tjeltveit og Willy Miljeteig, begge naturfaglærarar på skulen, uttalar at ved å bygga motorsportbane på skulens uteareal, er det same som å fjerna beina vi står på, og at det trugar vår eksistens som naturbruksskule. Hovudområdet som er tiltenkt brukt til motorsportsenter, går under namnet Sørmarka. I dag blir Sørmarka brukt til opplæring i skogbruk, hesteridning, beite for storfe, sauer og hestar og til undervisning i natur- og friluftsliv. I tillegg blir området ofte brukt av barnehagar. Geir Tjeltveit fortel at området er viktig ved undervisning om artskunnskap og biologisk mangfald. Området blir også nytta i forbindelse med overnatting og opplæring i bruk av kart og kompass.
Opplæring i skogbruk
Sørmarka er den primære staden for undervisning i praktisk skogbruk. Det er skogbruksplan for området som er utvikla over fleire tiår. Det er tre i ulike alderstrinn med stort mangfald. For tida driv ein forsøk med douglas-gran, som er nytt i området. Det er også planta lerk med tanke på undervisning. Gunnar Aasland, lærar i skogbruk, og som også har vore med å utvikla område, undra seg på kvar opplæringa i skogbruk skal finna stad dersom planen om motorsportsenter blir realisert på Øksnevad vgs. sitt område.
Naturbruk med vekt på hest
Skulen har fått ny moderne stall og har dei seinare år satsa mykje på undervisning i hestefaget. Interessa for hest på Jæren har vore aukande for kvart år og vi har stor søknad til hesteklassane på grunnkurs og vk1. I dag vert Sørmarka nytta dagleg til ridning. Vi har også klassar med tilrettelagt opplæring, der hesteriding inngår som ein viktig del av undervisninga. I tillegg har 11 eksterne brukarar avtale med skulen om bruk av Sørmarka til travsport. Referanse er Hildegunn Harboe og Anne Kathrine Edland, som begge undervisar i hestefag.
Beite til dyra
Det er ikkje eit poeng for skulen å bare ha dyrka mark til disposisjon. Vi treng tradisjonelt beite som demonstrasjon for opplæring i gardsdrift. Motorsportbanen vil også redusere beiteområda våre. Tone Skeie, fjøsmeister, skjønar ikkje kor ein skal få tilstrekkeleg beite for det dyretalet ein har i dag.
Framtida ved eventuelt motorsportsenter
Driftsleiar Ola Lode uttalar at dersom motorsportsenteret blir lagt til Øksnevad-området vil det bety ei klar forverring av undervisningssituasjonen her på skulen. Vi vil bli stilt mange år tilbake. Det er derfor ikkje rart at rektor Paul Terje Haarr uttalar at haldninga frå skulen si side er klar: Vi ønskjer ikkje eit slikt anlegg plassert i Sørmarka.
Verdivalg
Olav Underhaug inviterte til eit møte om saka, etter at skulen var kjent med planane gjennom media. På møtet var også Bengt M.Tovslid med. Frå skulen møtte rektor Paul Terje Haarr og Ola Lode. Her blei skulen orientert om korleis Motorparken Rogaland ser på saka. Vi forstår den gode intensjon som ligg bak planen om arbeid med å få til et slikt anlegg. Her blir gode intensjonar sett opp mot eksisterande drift av skulen. Det blir heilt feil for oss å slutta oss til eit motorsportsenter i skulen sitt nærmiljø. Vi meiner det finst andre meir eigna område i regionen.