.jpg)
Matpause
.jpg)
Shopping
.jpg)
Geysir
.jpg)
Tropisk drivhus
.jpg)
Gullfoss
.jpg)
Det regner ofte på Island
.jpg)
Spasertur i spennende landskap
Alle sat klar i bussen tidleg kl 9. Det var ein storm- og regnfull dag, men det var ingenting som kunne hindra oss vêrharde morgonfriske jærbuar for ein aldri så liten ”sightsing” på Island. Før startskotet gjekk måtte me gje ein stor merksemd til vår kjære klasseforstandar Ingrid Anne Vatne som blei eit år nærare dei berømte 40 (i frykt for å rykke ned i standpunkt karakter i norsk torde me ikkje å spørja kor nære dei 40 ho vart). Det vart ein skikkeleg party faktor i bussen då me stemte i med ”Hurra for deg” med halv rustne og falske falsettar.
Vår eigen allvetande islending, Trausti(guide), spant avgårde med bussen og han slapp det islandsk/norsk/dansk tattelet laus over seg. Innimellom alt dette tattelet om alt og ingenting klarte me å lausriva oss til å sjå nokon av dei så kalla sjåverdigheitene Island har og by på.
Første stopp:
Thingvellir
Dette er ein stad som dei berømte vikingane hadde Alltinget sitt på. Her føregjekk rettssaker og folk vert sendt til Holmgang. Men også på denne staden glir jordplatene frå kvarandre slik at det vert danna ei stor sprekk. Der tok nokon av oss ein liten spaser tur.
Andre stopp:
Grotta
Etter å ha kjørt langt og lenge på ein humpete veg stoppa me for å sjå på ei grotta. Der hadde det budd folk til 1950. Den siste holeboaren som blei født i grotta arbeider truleg som taxi sjåfør i Reykjavik City.
Tredje stopp:
Geysir
Så kom dagens høgdepunkt. Varme kjelda. Som drukna kattar stod me å venta og venta spent på om me skulle få sjå at geysiren spruta opp vatn. Og jo vist fekk me sjå at den eine spruta opp varmt vatn høgt opp i lufta.
Fjerde stopp:
Gullfoss
Kalde og blaute som me var orka me ikkje bruka så mykje tid på å studera Gullfoss. Me sprang inn på cafen ved sida av. Og der fekk me ei herleg lammekjøtt suppe med ny steikte grove rundstykke.
Femte stopp:
Tropisk drivhus
Her bruka dei ei spesiell bio-oppvarming slik at dei kunne dyrka tropiske planter. Dei hadde et forsøk på å dyrka bananar. I følgje ein kommentar frå Stine Egeland var nokre av bananane rotne(kanskje forsøket ikkje er så vellykka)
Sjette stopp:
The end
Med gangsperr i øyrene etter tattelet til Trusti og forfrosne ekstremitetar bar turen endeleg heim til vandreheimen i Laugardalir. Me dusja og gjorde oss klar til middagen i Reykjavik. Middagen fann stad på Hressingarskärlinn og seinare smaka me på SENSUR……….
Det var ein vellukka dag som starta tidleg og slutta seint…….