![]() |
Bli med meg i fjøset!13.mars 2006 Skrekk og gru! Er det slik dei har det i fjoset? Her ser me Tommy Høines på jobb? Nei, dette var ein spøk. Tommy Høines er fast vikar i fjøset. Spør han sjølv om det er slik han har det på jobb. Han vil sikkert svara nei. For Tommy er godvenn med Charolais. |
![]() |
Eg lurar på kva Tommy seier til Charolais-gutten? Kanskje spør han om han har mange slektningar i fjøset. Svaret er nei. Det er bare mor hans som er i fjøset. Og mora er ei dårleg mjølkeku. Denne rasen er godt kjøttfe. |
![]() |
Tommy seier at dei har også ein annan sjelden rase i fjøset. Det er Zimmertaler. Men på verdsbasis er ikkje dette eit sjeldant kuslag. På Øksnevad har dei 2 stk. Her ser du bilete av ei Zimmertaler-ku. |
![]() |
Den tredje rasen i fjøset er NRF. Øksnevad har omkring 40 mjølkekyr og det er 50-60 kalvar i fjøset. NRF (Norsk rødt fe) er den vanlegaste kurasen i Norge. NRF har vekt internasjonal interesse på grunn av gode genetiske eigenskapar. Eigentleg er NRF ein blanding av ulike tradisjonelle kurasar. I tidlegare tider hadde mest kvar bygd sin kurase. Inseminering og bruk av avlsoksar har gjort dette mogleg. |
![]() |
Her ser vi Tommy i arbeid. Han kan kunsten med å setja spenekoppar på juret til kua. Legg merke til arbeidsstillingen. Han slepp å bøya seg ned. Kua kjem til Tommy sin arbeidsplass fordi Øksnevad er ein moderne skule. I fjøset er det mjølkegrav med fiskebeinsystem. På biletet ser vi også Knut Haver og fjøsmeister Tone Skeie i bakgrunnen. |
![]() |
Hoisan! Her kjem ei ku som vil mjølkast. Dagros hjelper til med produksjon av mjølkekvoten på 250.000 liter . Dette er ein stor mjølkekvote også i jærsamanheng. Mjølka blir levert til Tine. Dagros går fritt i fjøset. Før i tida måtte Dagros halda seg på båsen, men nå er det lausdriftfjøs. |
![]() |
Nam nam! Så godt har kalvane det på Øksnevad. Dei får drikka rett av spenen den første tida. Det er ikkje mange kalvar i Norge som får det. Sjølvsagt er ikkje dette god økonomi, men for trivselen til dyra er det prima. |
![]() |
Her ser vi Årstein Berg, Gunnar Aasland (lærar) og Knut Haver. Aktivtet er mating av dyr. Kyr er forvitne, og kalvar er det same. Her prøver Dagros jr. å få kontakt med Knut. Ho vil sjølvsagt ha noko godt. Om vinteren er silofôr og mjøl standard på matfatet. |
![]() |
Nei, kva er det Tommy finn på nå? Vil han setja øyredobbar på ein liten kalv? Det er nok ikkje for skjønnheten at dette blir gjort. Alle dyr får identitetsmerke nokså snart etter fødselen. På same måten som vi menneske har personnummer, får dyra sitt nummer som dei har livet ut. |
![]() |
Kalvane til venstre på biletet. Kyrne til høgre. Tommy steller like godt med dei små som med dei store. Det ikkje noko å klaga på matlysten når Tommy kjem med mjøl. |
![]() |
NRF er som tidlegare sagt ein ”blandingsrase”. Dette kjem til uttrykk i at rasen har mange fargevariantar. For ein generasjon sidan vart mjølka betalt i samsvar med feitt-prosenten i mjølka. Kva kurase burde vi hatt på Øksnevad dersom det hadde vore slik i dag? Svaret er Jersey som har i snitt 4,9 %, som er 25 % meir enn dei fleste rasar. |
![]() |
Her er kalven på veg til å bli ”tenåring”. Nå får han ikkje vera saman med mora lenger. Han er komen i kalvegarden. Dette er stadiet før han kjem over i lausdriftfjøset. Først er det kalv, så er det kvige, og til slutt blir det ku. Eller slik: Først kalv, så stutapåse, og til slutt stut eller okse. Men kjøper du kjøt, så er det bare oksekjøt å få kjøpt. |
![]() |
Slik møter kyrne Tommy når han kjem inn. Dei kjenner Tommy og veit at nå blir det mat og anna stell. Magen gjer seg klar til å ta mot mat. |
![]() |
Her seier Tommy god natt til Rosa, Staselin, Dagros, Brunsi og alle dei andre i fjøset. |
![]() |
Sov i ro og god natt! Gjett kva Tommy drøymer nå? Er trur han drøymer om ei dugande bondekjerring som er like glad i fjøsst |