Tekst

Bli med meg i grishuset!

Nøff nøff. Eg er ein gris på Øksnevad. Det er 200 griser her i løpet av eit år, dessutan er det 40 årssugger. Som du ser, eg gjer blaffen i alle andre griser, og eg gjer blaffen i alt.

Ein gris er ikkje berre ein gris. Det er ulike rasar av grisar også. Purka på Øksnevad er ein blandingsrase av yorkshire og landsvin, galten er av rasen durock. Resultatet av dette blir ein smågris med namnet edelgris.

Her er grisungane skilte frå mora. På Øksnevad prøver ein å la suggene få ungar på same tid. Dette er rasjonelt i forhold til arbeid i grisefjøset. Du ser at grisene har det trivelig her. Godt selskap.

Her ser du at grisene har det godt. Dei et så mykje dei vil og søv akkurat der dei vil. Her har dei sovna i matfatet. Og sjølv om dei blei vekte, så gadd dei ikkje flytte seg frå det mjuke mjølfatet.

Kva trur du er jobben til ronen? Sjølvsagt, han har bare ein jobb, nemlig å finne ut om suggene er brunstige. Tommy Høines prøver seg på ein hyggeprat med ronen. Det skulle han ikkje gjort. Etter ei tid blei ronen interessert i støvelen. Eigentlig er ronen hissig nå. Det er best at Tommy er forsiktig.

Åisan! Her purkene innpåslitne. Dei er brunstige og klar for ronen. Tommy finn det best å setja seg på trygg avstand.

Visste du ikkje at griser kan sitja? Du ser det nå. Og at griser er glade i mat, er ein kjent sak. Her gir Tommy mat av beste slag. For Øksnevad er det god økonomi i å gje grisene så mykje mat dei orkar å ete når dei blir store nok, så henter Gilde dei. Er det nokon som likar bacon?

Denne purka gjorde seg lekker for fotografen. Visste du at slektskapet er større mellom deg og grisen enn mellom deg og kua? Både du og grisen har bare ein mage, kura har fire. Men det er ein forskjell, du pusser tennene (gjer du det?), men det gjer ikkje grisen!

Kva tenkjer grisen om framtida? Ho er tydeleg godt i lag denne dagen. Gå til grisen og bli glad. Mange fleire burde velja agronomutdanningen på Øksnevad. Du blir ønskt velkommen av grisene.

Tommy har omsorg for kvar einskild gris. Han har godt lag med dyra. Og som du ser så småpratar han med rånen og seier god natt til purkene.

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no