
David Street frå Writtle College, England
Av Paul Terje Haarr
Tirsdag 25. januar hadde skolen besøk frå Writtle College i England. Writtle kombinerer vidaregåande skole og høgskole. Det er 400 elevar mellom 16 og 19 år, samt 2100 studenter på høgskole/masternivå.
Writtle har 400 utanlandsstudentar, og arbeider aktivt på dette området. David Street er ein av 3 som arbeider med utanlandsstudentar. Han har Norge og Japan som sitt område.
David Street har besøkt Norge i 10 år, og er innom folkehøgskolar og vidaregåande skolar. Dette var første besøket på Øksnevad.
Writtle har eit breit tilbod. Dei legg vekt på at høgskoleutdanninga skal vere praktisk. Dei har bl.a. 150 hestar, og 5 bachelor grader innanfor dette fagområdet.
David Street besøkte avgangskalssane 3N, 3P og 3A og orienterte om tilboda.
Øksnevad har fått tilbod om å besøke Writtle for å sjå på om det er område vi kan utvikle eit samarbeid.
David Street fekk også ei omvisning på skolen, og vart imponert over det han såg. Spesielt imponert vart han over stallen.
Dersom du vil vete meir om Writtle, finn du informasjon på www.writtle.ac.uk