Tekst

Tøffelblomsten

Skrevet av Linda Søreide

I slutten av januar starter salg av tøffelblomst på skolens gartneri.

Planteslekta Calceolaria omfattar om lag 500 artar som høyrer heime i Andesfjella. Planten har poseforma blomster og har dermed fått namnet tøffel. Fleire artar vart innført til Europa i forrige århundre og etter utalllige kryssningar av desse har vi fått fram dei sortane vi dyrkar i dag. Det er relativt liten produksjon av tøffelblomst i Norge. Den aktuelle salstida er januar-februar, då det er få andre blomstrande potteplantar.

Ved Øksnevad vgs dyrkar vi eit hold med tøffelblomst kvart år. Frøet vert sådd i august. Frøet er utruleg lite og lett: 21000 frø veg 1 gram . Det må derfor breisåast i såbrett og priklast 3-4 veker etterpå. Ved prikling skiljer ein plantane og set dei enkeltvis i pluggbrett. Etter 6-8 veker i pluggbrett kan plantane pottast i 11 cm potter.

I tida etter potting vert forholda lagde til rette for at planten skal utvikle seg. Plantane får den beste utviklinga ved 15 ° C og kort dag. For at planten skal kunne danne blomster, må den deretter ha ein kjøleperiode på minimum 6 veker ved 9 ° C. Etter kjøleperioden får plantane høgare temperatur og meir lys fram til blomstring og sal.

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no