Tekst

Litt om korfor og korleis vi feirar jul

Skrevet av Leiv Olsen

Jula 24. desember feirar vi for då blei Jesus fødd. Trur mange. Men når blei Jesus fødd?

Vi veit ikkje dagen. Vi veit ikje året. Vi veit det ikkje. Det var på 300-talet dei prøvde å rekna det ut, og dei rekna feil .

Vi les om Jesu fødsel i juleevangeliet - der jula ikkje er nemnt med eitt ord. Men det står om Jesu fødsel. Kan vi tru på det som står der? Det blir ein lang diskusjon eg ikkje har tid til å ta no, eg vil bare nemna at dette blei skrive 100 år etterpå. Om de skal skriva kva som hende for 100 år sida, kor mykje kan vi tru på det?

Men dersom det som står der, er sant, blei Jesus fødd då Betlehemsstjerna viste seg, det året Augustus skreiv ut manntal, Quirinius var landshøvding i Syria og Herodes konge over jødane. Herodes døydde 4 år før Kristi fødsel. Jesus må altså blitt fødd fire år før han blei fødd - det er godt gjort. Augustus skreiv ut fleire manntal, men bare eitt mens Quirinius var landshøvding - det var i år 7 før Kristus. Betlehemsstjerna må ha vore eit uvanleg himmelfenomen. Eit sånt heilt spesielt og uhyre sjeldant himmelfenomen viste seg akkurat på den tida:

Jupiter og Saturn dansa i lag i Fiskenes teikn (symbolet for jødane), tre gonger i løpet av år 7 f .Kr. - i mai, i september og rundt 12. november. Dette blei sikkert tolka som ei uvanleg jubelhending hos jødane - kanskje ein kongefødsel, kanskje var det Messias som kom?

Om det var då Jesus blei fødd, må det ha vore rundt 12. november år 7 f .Kr. - Eg seier ikkje at han blei fødd då, det er det gode grunnar til å tvila på, men at dersom vi tar juleevangeliet bokstaveleg, må det ha vore tidspunktet.

Korfor då feira Jesu fødselsdag 24. desember?

Det gjer ein fordi solguden Mitras' fødselsdag var 25. desember. Mitras var den mest populære av alle gudane i Romarriket. Han hadde smelta saman med alle andre solgudar i dette store riket, og festen for fødselsdagen hans hadde smelta saman med saturnaliedagane i Roma, då alle klasseforskjellar var opphevde i ein einaste stor folkefest - den mest populære folkefesten i heile Romarriket. Då kyrkja fekk makta i riket, bestemte dei seg for å overta denne festen. Så gav dei festen eit nytt innhald. No er det - ikkje solas, men Jesu fødsel - vi feirar, sa dei, og dermed blei 25. desember til Kristmesse.

Men korfor 24. desember?

Tenk dykk om. Når skiftar døgnet frå 24. til 25.? Midt på natta, når det er mørkt? Det er upraktisk om ein ikkje har klokke. Før i tida skifta døgnet når sola gjekk ned . Derfor startar alle kyrkjehøgtider med ei afte.

25. desember blei innleia med afta kvelden før, så snart sola hadde gått ned.

Den nordiske jula

Men ingenting av dette var jul.

Jul er ei utgamal nordisk og germansk feiring. Den er så gamal at vi ikkje veit kva innhald den opphavleg hadde. Vi veit ikkje ein gong kva ordet 'jul' betyr. Men litt veit vi. I kvadet omHafrsfjordslaget (på 800-talet) står det:

Ute vil vi jol drikka 
i Frøys leik

Så dei drakk jul, til ære for Frøy og andre fruktbarhetsgudar. Denne feiringa blei overtatt av kyrkja, flytta til Kristmessedagen - 25. desember - og gitt eit meir kristent innhald. Mykje hang likevel igjen frå det gamle.

I dei eldste norske kristenrettane står det at i jula skulle ein skåla "til árs ok fridar" - det vil seia at dei skulle skåla for:

- god årsvekst, både på jordene og i fjøset,

og store ungekull for menneska

- og fred og kjærlighet mellom folk

Vinteren stod livet ved nullpunktet. Skulle det komma tilbake, måtte ein gi noko for det. Då gav ein av den beste grøda ein hadde, og brygga øl , - og bakte kaker òg, får vi tru. Så hadde dei eit stort ølgilde i bygda - og dette var ei plikt , det var strenge straffar for dei som ikkje hadde brygga nok.

Dette er kva vi veit om den opphavlege jula.

Dagens jul

Med tida har det komme til skikkar frå mange land til ulike tider, og alt har smelta saman til jula slik vi har den i dag.

Juleølet er kanskje den eldste av alle juleskikkene. God mat og drikke har vore viktig så lenge vi veit om. Dei sju kakeslaga har vel røter i den opphavlege jula, men dei kakeslaga vi bakar i dag, er nok ikkje så skrekkeleg gamle. Julenissen kom frå landet som i dag heiter Tyrkia, der den heilage Nicolaus rundt 400 var biskop i byen Myra og blei kjent for å lønna dei snille barna og pryla dei slemme. Juletreet kom på 1800-talet frå Tyskland, og har kanskje røter tilbake til det heidenske livets tre. Handelsstandens jul utvikla seg på 1900-talet. Men same kva innhald ein gir jula og same kva skikkar ein vel å halda, så trur eg vi har behov for å stoppa opp, no i den mørkaste årstida, for å ha nokre dagar der vi tar livet med ro, et godt, drikk godt og tar vare på kvarandre.

God jul!

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no