For tilsette og elevar ved Øksnevad vid.g.skole Red. Arne Dragsund
Utplassering av elevar.
Anleggsgartnarklassen skal i utplassering i bedrifter og kommunar i distriktet i veke 40. Dette er ei fin innføring i korleis arbeidet foregår i bedriftene, og dei muligheter dei har som lærlingar når dette året her på Øksnvad er omme, og dei skal ha lærekontrakt i 2 år.
Elevrådet.
Det er nå valt tillitselevar blant elevane med storgruppene:
1 A . Tone Stokka, vara Ben Simon Djøseland
1 B. Emran Velv, vara Ingvild S. Luteberg
1 C . Alexander W. Vatne, vara Eilen Olsen
2 A . Sille Sofie Sægrov, vara Arne Olsson
2 B. Kine Vassbø, vara Marthe Edland
2 G . Kim Morgan Gilja, vara Mona Hytland
3 A . Nikolay Valheim, vara Magnus Herredsvela
3 N. Tanya Amundsen, vara Maria Risdal
3 P. Oddbjørn Johnsen
Klasse D, E, F og G har ikkje valt representantar ennå. Elevrådet har i skrivande stund ikkje hatt det første møtet, så vi veit ikkje kven som vert vald som leiar.
Vi ønskjer elevrådet lukke til med ei viktig oppgåve i skolesamfunnet!
Vernerådet.
Desse er valde til verneelevar:
1 A . Kim Atle Salte, vara Kristian Goa
1 B. Mariann Fuglestad, vara Tone Dybing
1 C . Fredrik B. Olsen, vara Vibeke Vestrheim
2 A . Per Kristian Vold
2 B. Elin Kjelsnes, vara Lena Rørstad
2 G . Oddvar Oseland, vara John Henrik Utsola
3 A . Renate Rasmussen, vara Liv Haukås
3 N. Lisa Horve, vara Gudrun Hegelstad
Vi ønskjer vernerådet lukke til med HMS arbeidet blant elevane! Linda Søreide er verneleiar for elevane.
Russestyret.
Det er valt russestyre:
President: Nikolay Valheim
Visepresident: Lene Vagle
Formann: Veronica Haukland
Nestformann: David Ånderå
Sekretær: Maria Risdal
Redaktør: Jill Tonje Frøiland
Økonomisjef: Tanya Kimberley Amundsen
Innkjøpssjef: Jeanette Danielsen
Styremedlem: Hakima El Amraoui
Vi ønskjer russen lukke til!
HMS dag/blåtur.
Torsdag 16. september kjem ei gruppe på 40 tilsette i Statoil industri og kommersialisering på besøk til Øksnevad. Dei skal ha ein såkalla blåtur her med vekt på maskinar, redskap og verneutstyr, beskjering, rundtur i det biologiske renseanlegget, i veksthuset og husdyravdelingane. Konkurranse i pil og bue, melkespannkasting mv. høyrer og til. I tillegg bevertning frå Wenches kantine. Av tilsette skal Torgeir Skretting, Vigdis Thull, Linda Søreide, Oddmund Hognestad og Karl Flateland vere med saman med Lillian Skretting som administrerer det heile gjennom RKK.
Autorisasjonskanalen.
På skolen si heimeside og i RKK avdeling Øksnevad er det ei omtale av den såkalla autorisasjonskanalen. Det har vore kontakt med Mattilsynet om dette ei stund, og det er nå bestemt at opninga av denne kanalen vert 15.september etter dei siste opplysningar vi har fått.
Reformkurs for anleggsgartnarar.
Dette kurset har vore i gang ei stund med 14 deltakarar. Kurset er ein kombinasjon av samlingar onsdagar ettermiddag og nettundervisning. Det er gode tilbakemeldingar frå deltakarane om at dette er eit vellukka kurs. Eksamen skal vere i januar 2005.
Agronomkurs på nettet.
Det er planlagt nytt agronomkurs på internett med oppstart 15. oktober i år. Det skal vere eit presentasjonsmøte her på skolen måndag 27. september. Nærare opplysningar om kurset finn ein på RKK på skolen si heimeside. Interesserte kan sende mail eller ta kontakt på telefonen til Lillian Skretting i RKK avd. Øksnevad. Brosjyre om kurset er og distribuert til medlemmer i Jæren forsøksring og arbeidskontora. Vi meiner dette er eit tidsaktuelt og godt kurs som vil kombinere samlingar med nettundervisning.
AMG.
AMG har i sitt møte 7.09. valt Ingrid Anne Vatne til leiar og Torunn Haugan Owren til sekretær.I tillegg er Linda Søreide og Sjur Ulvund med i AMG. Anne Tjosevik er verneombud for område 1, Runar Odland for område 2 og Ingrid Anne Vatne for område 3 og koord.verneombud.
Temaveke.
Frå måndag 25. til torsdag 28. oktober vert det gjennom RKK arrangert ei temaveke om den nye autorisasjonsordningen for plantevern. Aktørar utanfrå vert med på denne presentasjonen: Felleskjøpet, Jæren forsøksring, SAMKO (Hms), RIANOR (Funksjonstesting), Dahle Libris. Jan Arne Broen, Eivind Ølberg, Annichen Smith Eriksen, Nono Razafimandimby, Arnstein Kartevoll, Olav Harbo og Lillian Skretting blir med i regi av RKK. Dette blir ei spennande veke for folk utanfrå, og det er høve for våre elevar og tilsette å vere med når det passar.
Nytt frå gardsbruket.
Oddmund Hognestad gir uttrykk for svært gode grasavlingar i år. Nå er alt graset lagt i silo eller pakka i ballar. Ved utgangen av veke 37 er alt kornet i hus, og halmen er pressa. Kvaliteten på kornet var betre enn ein kunne frykte utfrå det regnet vi hadde den siste tida. Mjølkekyrne er nå på beite på enga etter at 3. slåtten er i hus. Opptaking av økopotetene er i gang, med toppavling og god kvalitet. I veksthuset held ein på med prikling av Calceolaria og topping av julestjernene.
I fjøset er det nyleg slakta 8 kyr, i alt 12 kyr i august –september. Nå er forsøket med Planteforsk avslutta, og mjølkekvoten er i ferd med å fyllast for året.
Sikkerhetsdag for GK.
Tysdag 21. september 1.-4. time vert det sikkerhetsdag for grunnkurselevane. Gjensidige forsikring blir med. Linda Søreide som verneleiar for elevane, har ansvaret for denne dagen som er viktig i HMS arbeidet for elevane.
Foreldremøte.
Det er foreldremøte for grunnkurset her på skolen tirsdag 14. september i kantinen. Det vert litt servering, orientering om skolen og omvisning i skolen og gardsbruket.
Rådgivning.
Rådgivar for YOU-delen, Karl Flateland, var på Orre Ungdomsskole onsdag 8. september og orienterte om forskjellige yrke, og om tilboda her på Øksnevad.
Han har og planlagt ope hus her på skolen for 10. klassingar 3. november –04.
Som kjent er det nå to rådgivarar på Øksnevad. Vasilij Panfilov er sos.ped.rådgivar.
Gratulerer.
Ingvild Kjosavik vart mor til ein gut 28.august. Hjarteleg til lukke!
Takk for meg.
Dette er det siste nummer eg skriv i Øksnevadnytt. Infoskrivet har eksistert i 13 år, og har kome ut kvar 14. dag det meste av tida. Eg vonar at denne informasjonen har vore til glede og nytte for tilsette og elevar desse åra. Takk for meg!