For tilsette og elevar ved Øksnevad vid.g.skole Red. Arne Dragsund
Ny rektor.
Paul Terje Haarr er tilsett som ny rektor etter Arne Dragsund som går av med avtalefesta pensjon. Han er i dag rektor ved Vinterlandbruksskulen på Jæren, og tek til i stillinga som rektor på Øksnevad 1. oktober. Vi ønskjer Paul Terje Haarr hjarteleg velkommen!
Oppstart av skoleåret.
Elevane tok til måndag 16. august. GK vart redusert med ein halv klasse, trass i at det var mange på venteliste. Klassane er godt fylte opp i år, bortsett frå nokre ledige plassar i VK2 allsidig landbruk og VK2 naturforvaltning. Det er teke opp fleire elevar i 20 t allmennfagleg påbygg enn det klassetalet vi har, i regi av RKK. Vi ønskjer alle elevar og tilsette på Øksnevad lukke til med det nye skoleåret!
Trådlaust nett.
Fylkeskommunen har bestemt at Øksnevad skal få trådlaust nett for data. Innstalleringa av dette skal skje rundt månadskiftet august –september. Kabling er gjort av Hattaland elektriske.
Pengar til samarbeid med Konjic.
Øksnevad vgs. har fått kr. 225.000 for 2004 frå NORAD for å vidareføre samarbeidet med Srednja Skola i Konjic i Bosnia-Hercegovina. Dette gjer at vi kan halde fram med lærar-og elevutveksling og andre ting i samarbeid med skolen og kurssenteret der. Det er og tanken at vi skal få videokonferanseutstyret i Konjic til å fungere betre, slik at vi på denne måten kan kommunisere mellom skolane.
Opning av kurssenter for bønder i Serbia.
4. september er det offisiell opning av eit kurssenter for bønder ved landbruksskolen i Bac i Serbia - Montenegro. Øksnevad vgs. har vore med i planlegginga av dette senteret som har RKK avdeling Øksnevad som ein modell for sitt kurssenter. Dette er og ein del av samarbeidet mellom Øksnevad vgs. og Jæren Produktutvikling.
Nytt frå husdyrbruket.
Fjøsmester melder om at det vart slakta 28 lam i veke 34. Det var god klasse på alle, men feittrekk på nokre. I fjøset ligg ein godt an når det gjeld å fylle mjølkekvoten for dette året. Det ser ut til å bli for mykje mjølk, slik at smågrisene blir fora med sur mjølk fram mot årsskiftet. Det er i sommar selt 4 mjølkekyr til auksjon på Forus.
Kontaktlærarar og basisgruppetid.
Nytt frå året er at det nå er kontaktlærarar istaden for klassestyrarar. Ein kontaktlærar har ansvaret for 12 elevar. Det er og innført 1 time tysdag og torsdag som basisgruppetid som skal brukast av elevane. Dette i tillegg til studietimar elles i veka.
Kantinen open heile dagen.
For å avlaste biblioteket noko med det reint sosiale, er det frå nytt skoleår av innført at kantinen er open heile dagen. Det er og ein aviskrok nedst i kantinen for dei som har lyst å slappe av med ei avis eller eit tidsskrift i friminutt eller ledig tid ellers, og det er anledning til å ta med seg skolearbeid dit for oppgaveløysing eller prat i smågrupper. Salg av mat i kantinen foregår etter eigne tider som kantineleiinga set opp.
Jubileum på Øksnevad.
Tradisjonen tru vert det 25, 50 og 60 års jubileum her på Øksnevad for dei som har gått her tidlegare. Laurdag 4. september startar det opp med orientering og omvisning på skolen midt på dagen, samling for dei enkelte gruppene og fest om kvelden med mykje godt program og bevertning. Ordførar Elfin Lea i Klepp er festtalar, og det vert musikk og dans av Klepp Leikarring.
Virksomhetsplanen.
Virksomhetsplanen for skoleåret 2004-05 er nå klar. Den vert lagt ut på Its learning.
Skolereglementet.
Skolereglementet for Øksnevad vgs. er lagt ut på Its learning, og elevar og tilsette kan gå inn og hente ut dette når det er nødvendig. Det er og vedteke utfyllande reglar til skolereglementet, m.a. stallreglar for arbeidet i stallen. Men alt dette ligg ute på Its learning.
Foreldremøte.
Avdeling TIO hadde foreldremøte i kursrommet 26.august. Tilstades var foreldre og tilsette i denne avdelinga. Dei fekk omvisning og orientering om opplegget i avdelinga, og korleis dei kan gå inn på Its learning for å følgje med i det elevane har her på skolen. Bruk av bilder var og tema på samlinga. Samlinga var svært vellukka, meldest det frå avdelingsleiar.
God skolestart.
Elevane i grunnkursklassane og avdeling for TIO har eit opplegg med god skolestart. Vi hadde også tilsvarande opplegg i fjor for grunnkurset. Kvar fredag har avdeling for TIO tur med elevane. Dei har vore til Tjåland, Orrestranda og Brekkå og skal til Sirevåg.
Nytt frå gardsbruket.
Beiteprosjektet saman med Planteforsk på Særheim er nå avslutta. I veksthuset er 6000 stiklingar av julestjerner komne, og ein skal i gang med potting av desse. Det har vore 2 veker med dårleg ver den siste tida, slik at 3. siloslåtten og skurden av korn vil kome i gang når veret blir betre. Men det har kome uvanleg mykje regn, så det trengst tid før arealene turkar opp. Laksefiskarane i Figgjoelva gleder seg. Elva er stor med mykje innsig av laks. Fisket kunne vore betre, meldest det frå fiskarane, men noko laks har det vorte.
Tilsette.
Trond Stiansen er nå tilbake i gardsbruket etter permisjonen, og Ove Bredal tek til 1. september i vedlikehaldsseksjonen. Han har driftsleiar Sjur Ulvund som sin næraste overordna. Velkommen til dykk!
Demonstrasjon av grasutstyr.
Felleskjøpet arrangerer ein stor demonstrasjon her på skolen i veke 37, av utstyr til fotballbaner og plenar. Dette kan og vere aktuelt for våre elevar, så ei oppmoding til lærarane om å legge dette inn dersom det elles passar med opplegget den dagen.
Tur til Mån.
Klasse 3 N var på tur til Mångarden 24.-25.august saman med lærarane Torunn M. Tysvær og Willy Miljeteig. Dei overnatta på den nyrestaurerte garden, og hadde turar rundt i området. Ein vellukka bli kent tur for klassen!
Nytt fotballag.
Fredag 27. august vart det starta eit nytt fotballag her på skolen, ”Øksnevad fotballag”. Initiativtakarar var elevene Kim Morgan Gilja og Leif Jonny Aase og lærar Vasilij Panfilov. Dei skal vere med i turneringar med andre skolar i Rogaland. Kjekt at Øksnevad kan vere med og markere seg på denne måten. Gratulerer og lukke til med eit flott initiativ!
Øksnevadnytt.
Det er bestemt at skolen frå starten av dette skoleåret skal satse på meir bruk av IKT i administrasjon og opplæring. Vi har det som eit satsingsområde i år. Øksnevadnytt vil derfor bli lagt ut på heimesida som tidlegare, og det vil på Its learning kome ei melding om at Øksnevadnytt er klart. Det vil altså ikkje kome som papirutgåve til alle, bortsett frå biblioteket som vil ha papirutgåva.