Stall og grishus
tirsdag 03. juni 2003 07:21
Tirsdag 10. juni - 03 ble ny stall og nytt grishus overlevert offisielt fra Rogaland fylkeskommune til Øksnevad vidaregåande skole ved fylkesordfører Roald Bergsaker.
Artikkel fra Jærbladet's nettsider:
av Steinar Sandvik
|
|
|
STOR ÆRE: Elev Irene Stangeland gav blomar til fylkesordførar Roald Bergsaker. Dei andre i karjolen er frå venstre rektor Arne Dragsund, Ole Jan Olsen ved opplæringsavdelinga i fylkeskommunen og fylkesbyggesjef Ådne Njå. (Foto: Steinar Sandvik)
|
I går kunne fylkesordførar Roald Bergsaker klippe snora og erklære stall og grisehus på Øksnevad vidaregåande skule for opna. Prislappen på dei to nybygga er 8 millionar kroner.
Av
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
(Publisert 11.06.2003) – Det er ikkje så lenge sidan eg var her og tok det første spadestikket, sa fylkesordførar Roald Bergsaker då han i går opna ny stall og eit topp moderne grisehus ved Øksnevad vidaregåande skule. For første gong tok han spadetaket med ein gravemaskin, og Bergsaker lurte på om det var grunnen til at det hadde gått så bra med byggjearbeida. Bergsaker viste til at vidaregåande skule er eitt av satsingsfelta for fylkeskommunen som har byggjeprosjekt på omlag ein halv milliard kroner i gang no. – Byggjearbeidet ved skulen har har føregått i den beste jærske tradisjon. Øksnevad skal vere i fremste rekkje når det gjeld vidaregåande skular. Skulen her skal vere eit utstillingsvindauge for Rogaland og resten av landet. Framtidsretta – Dei to bygga er heilt forskjellige. Grisehuset har absolutt det nyaste av teknologi både til stell og til fôring av dyra. Når det gjeld stallen, spør mange seg kva vi skal med hestar i dag, sa fylkesordføraren som mellom anna viste til dei gode resultata ein har når det gjeld terapi for personar med ulike funksjonshemmingar. – Men bygga er berre eit skal. No er det opp til skulen å gi bygga eit godt og rett innhald. Skulen her har dei beste lærarar til å makte det, avslutta Roald Bergsaker. Rektor Arne Dragsund peika på at Øksnevad ynskjer å stå fram som ein moderne, tidsaktuell og framtidsretta skule. – Utfordringane er store for ein skule som alltid må vere framtidsorientert. Vi skal klare å takle utfordringane som den nye tida krev. Og vi er stolte av skulen vår. Vårt håp er at ungdom framleis vil søkje seg til skulen, sa Dragsund. For neste skuleår reknar Dragsund med rundt 200 elevar. Dei fleste linjer har hatt god søknad, men som andre liknande skular er det svekka søknad til agronomutdanninga. Kort byggjetid Fylkesordføraren tok det første spadestikket 6. desember 2002. Då var offisiell overlevering av bygga berekna til 10. juni. Prosjektet for dei to bygga var kostnadsrekna til 8 millionar kroner. Dei første suggene kom til den nye bygget 16. mai, og dei første grisungane vart fødde 22. mai. Bygga stod ferdige 31. mai. Stallen har eit brutto areal på 520 kvadratmeter med 16 stallar. Skulen har nokre få hestar. Dei ledige stallplassane kan elevane nytte til sine hestar. Grisehuset er på rundt 800 kvadratmeter og rommar både fødeavdeling, bedekningsavdeling, gjeldpurkeavdeling, smågrisavdeling og slaktegrisavdeling. I fylgje Arne Dragsund tilfredsstiller grisehuset dei nye reglane for dyrevelferd og vel så det. Grisehuset ar eit eige besøksrom med eigen inngang. Rommet har vindauge inn mot husdyrromma slik at besøkjande kan sjå på dyra utan at det er nokon fare for smitte.
|
|
Storfe og sau
15. desember - 1998 ble nytt undervisningsbygg i husdyrbruket overlevert offisielt fra Rogaland fylkeskommune til Øksnevad vgs. ved fylkesordfører Odd Arild Kvaløy.