Tekst

Øksnevadnytt (30.mai 2004)

Siloslåtten

Øksnevadnytt

Årgang 13 Utgave 6 
30 mai 2004

For tilsette og elevar ved Øksnevad vid.g.skole Red. Arne Dragsund

(t.v. bilde fra siloslåtten)

 

Skifte av låsar på skolen. 
På grunn av eit innbrot på skolen tidlegare i vår, er det nå skifta låsar både i hovedbygningen og ute i avdelingane.

Besøk frå Klepp ungdomsskule. 
72 elevar i 7. klasse frå Klepp ungdomsskule var på besøk på Øksnevad 24. mai. Willy Miljeteig og klasse 3 N hadde ansvaret for opplegget. Elevane vart delte inn i grupper, og våre elevar hadde gruppene med seg til forskjellige aktivitetar: 
•  Kanopadling på Lonavatnet 
•  Ridning 
•  Fotball 
•  Rebusløp
•  Fotografering med digitalt kamera 
•  Småaktivitetar 
•  Konkurransar 
•  Grilling 
Det meldest om ein flott dag i eit brukbart ver. 3 lærarar var med elevane, leia av Sølvi Byberg. Dei var svært fornøgde med opplegget her på skolen. 
Takk til Willy Miljeteig og elevane i klasse 3 N for eit framifrå opplegg og gjenomføring!

Siloslåtten. 
Klasse 3 A (agronomklassen) har saman med klassestyrar 
Eivind Ølberg teke på seg ansvaret for siloslåtten i år. Arbeidet kom i gang 25. mai med å slå ned graset. Rundt 200 da skal takast i denne omgang. Elevane i denne klassen er erfarne avløysarar rundt om, så det er kjekt å kunne overlate eit så viktig arbeid til denne klassen. Takk til Eivind Ølberg som har organisert det heile i lag med leiar for gardsdrifta!

Møte om arbeidstidsavtalen. 
Rektorar og tillitsvalde for lærarorganisasjonane var på møte i BI i Stavanger 14. mai om den nye arbeidstidsavtalen. Utdanningsdirektør Magne Nesvik og leiar for Utdanningsforbundet i Rogaland, Tonje Hiort Schøien, hadde innlegg, og det var anledning til spørsmål og kommentarar.
Nå skal det på den enkelte skole foregå drøftingar om praktisk gjennomføring av avtalen.

Ny avdelingsleiar. 
Møyfrid Aarrestad er tilsett som ny avdelingsleiar i avdeling for spesialundervisning frå 1. august-04. Ho vert med i skolens leiargruppe frå hausten av, og vil og leie spes.ped.teamet på skolen. Vi ønskjer lukke til med ei krevande, men interessant og viktig stilling som avdelingsleiar!

Virksomhetsplanen. 
Arbeidet med virksomhetsplanen for skoleåret 2004-05 og våre satsingsområde, er i gang på forskjellig plan i skolen.

Stortingsmelding nr. 30. 
Meldinga ” Kultur for læring” skal opp i Stortinget 17.juni. Utdannings-komiteen leverer si innstilling 10.juni. Det nye opplegget vil ha stor betydning for korleis dei vidaregåande skolane skal sjå ut i framtida. For naturbruksskolane si side er det teke kontakt med stortingsrepresentantar om visse sider ved meldinga, dette møtet var 3.mai. For vårt vedkomande er det snakk om Utdanningsprogram for naturbruk. Dette vil omfatte fag innanfor dagens studieretning for naturbruk, og skal omhandle all opplæring i fiske, fangst og landbruk i vidaregåande opplæring.

Beiteforsøket er i gang. 
Planteforsk Særheim kom i gang med beiteforsøket 25. mai. Olav Harboe og Mats Høglund er ansvarlege for forsøket her på Øksnevad. Dette forsøket er etter Planteforsk si meining eit svært vellukka forsøk om beiteopptak for mjølkekyr. Og fint at Øksnevad kan vere med på denne måten. Opplegget med nattbeiting fungerer godt.

Utbrot av kverke. 
Det meldest om at ein stall på Jæren har fått eit tilfelle av hestesjukdomen kverke. Sjukdommen er svært smittsom, og Øksnevad har av den grunn laga retningslinjer for vår eigen stall inntil dette er over. Vi vil oppfordre tilsette og elevar til å vere varsomme med besøk i andre stallar, når det ikkje er heilt nødvendig. Det er og viktig at elevar og tilsette ikkje brukar klær, sko eller anna utstyr i stallen her på skolen som er brukt i andre stallar.

Tur for tilsette i gardsdrifta. 
Leiar for gardsdrifta melder om at tilsette i gardsdrifta skal på tur torsdag 27. mai. Mellom anna skal dei besøke gardsbruket på Åna kretsfengsel, Pelsdyrforlaget i Sirevåg og Hølland gartneri på Ogna. Elevane har læringsoppdrag i fjøset den dagen, og agronomelevane har ansvar for siloslåtten.

Nytt frå gardsbruket. 
Salget av sommarblomster frå veksthuset går greitt. Noko vert levert til Primaflor, men mykje vert selt direkte frå veksthuset. 
På skolen si heimeside er det ein notis om kva som vert selt billeg til ei kvar tid. 
Plantinga og såinga er avslutta i skogen for i år. I år er planta rundt 700 eik, 900 lerk og 1000 norsk gran, og det er sådd 2 da med eik i grustaket i Sørskogen.

Tur til Månafossen. 
Elevar og tilsette i avdeling for spesialundervisning reiste på tur torsdag 27.mai. Veret er meldt fint, så det vert ein flott tur i eit vakkert område. Det er laga ein ny trase frå parkeringsplassen og opp i bakken eit stykke, så det er litt lettare ankomst enn tidlegare.

Karaktermøter. 
Det vert karaktermøter 4.juni. Klasselærarråd går etter oppsett liste på personalrommet. Karakterane skal førast inn i SATS på terminalar i kontorfløyen. Frist for å gjere dette er 8. juni kl. 15.00.

Delt rådgjevingsteneste. 
I dei vidaregåande skolane i Rogaland vert det innført delt rådgivningsteneste frå nytt skoleår av, i ein del for yrkesopplæring og ein sosialpedagogisk del. For Øksnevad sitt vedkomande er systemet slik: 
•  Yrkesopplæring med Karl Flateland som rådgjevar 
•  Sosialpedagogisk del med Vasilij Panfilov som rådgjevar 
Det har vore kurs i Stavanger om korleis dette skal organiserast framover. Rådgjevarane i begge desse områda har danna grupper for samarbeid, med regelmessige møte i desse gruppene.

Øksnevad vgs. som Miljøfyrtårn. 
Øksnevad har inngått avtale med SAR (tidlegare Spesialavfall Rogaland) om å bli sertifisert som Miljøfyrtårn. Eivind Ølberg har teke initiativ til dette. Kursutvalget i RKK har gått inn for det, og i møtet mellom rektor og tillitsvalde er det vedteke at skolen skal søke om å bli Miljøfyrtårn. Det skal opprettast ei prosjektgruppe som skal ha arbeidsmøte og utarbeide ein miljørapport. Vi hadde eit orienteringsmøte om dette her på skolen 7.mai, der Nina Nilsen frå SAR deltok. Det er få skolar i landet som har denne sertifisering, og Øksnevad vil bli den første vidaregåande skolen i Rogaland. Vi har gjort svært mykje dei seinare år innanfor miljøarbeidet, og det vert å samle det vi har gjort så langt. I tillegg ein del nye tiltak.

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no