Tekst

Øksnevadnytt (30.mars 2004)

Øksnevadnytt

Årgang 13 Utgave 2 
30. Mars 2004

For tilsette og elevar ved Øksnevad vid.g.skole Red. Arne Dragsund

Serbiaturen
Rektor hadde ein fin tur til Serbia 06.-12.03.04. Det var samtaler med leiinga og lærarar ved Poljoprivredna Skola i Bac. Skolen har rundt 150 elevar, og praksisen får dei delvis på eiga jord og i ein verkstad, eller ute på store bruk som frå gamalt av var statlege kollektivbruk. Rektor og lærarar vart inviterte til Øksnevad for å sjå korleis vi har lagt opp undervisninga, og vi vil og gje dei innblikk i det jærske landbruket den tida dei blir her. Det er ikkje teke stilling til tidspunktet ennå. Etter modell frå RKK Øksnevad, har dei og starta opp med etterutdannings-kurs for bønder saman med samvirkelaga i regi av Jæren Produktutvikling.

Opplevelsesferie. 
RKK og lærarar på skolen ønskjer å gje tilbod om ei vekes opplevelsesferie for born mellom 6 og 13 år i veke 26, like etter at skolen er slutt i sommar. Programamet blir rikhaldig med ridning, kanopadling, stell av dyr, fisking og mykje anna spennande, meldest det frå Willy Miljeteig, ein av initiativtakarane. Vi ønskjer lukke til med eit flott tilbod, noko som og er med og markedsfører Øksnevad på ein fin måte.

Kursutvalet i RKK. 
Kursutvalet hadde møte 16.03.04. Av saker som var oppe kan vi nemne:

•  Nettbasert økologisk landbruk. Avslutta prosjekt 
•  Øksnevad som Miljøfyrtårn? 
•  Allmennfagkurs i RKK regi? 
•  Videokonferanse, kurs mot Balkan? 
•  Reformkurs anl.gart. 
•  Aut.kurs pl.vern lærarar 
•  PC kurs 
•  Sprengningsertifikat kurs 
•  Aut.kurs plantevern 
•  Skolefritidstilbod veke 26

Neste møte i kursutvalet RKK blir 4. mai-04. Dei som er med i utvalet: 
Torunn Haugan Owren, Eivind Ølberg, Rønnaug Haugland, Lillian Skretting og Arne Dragsund.

Nytt frå gardsbruket.
Oddmund Hognestad melder om at Kjell Stangeland har laga ein flott steingard mellom det nye grisehuset og minkhuset. Vassbakk og Stol, som la den nye vassleidningen, held på med graving på Egobeitet for å finne ein mulig lekkasje på leidningen, slik det er blitt konstantert. Tilsåing av beitene kom i gang i veke 12, med ekstra kløver i.

Flott anlegg.
Anleggsgartnarklassen held på med eit viktig arbeid rundt det nye grisehuset, med tilsåing av plenar og arbeid med steintrappa og steingardar.

Mjølkemengda.
Det meldest om at mjølkemengda har auka det siste året, pr. årsku. Ytelsen ligg nå på rundt 6.900 liter pr. ku. Det såkalla Kokkekuppet, eit program for å redusere mastitis-problemet, har virka positivt på besetningen. Det er nå ei behandling ved avgjelding, noko som har virka positivt inn på celletalet i besetningen. Mjølkekvoten ligg på rundt 249.000 liter i året.

Besøk frå fylkesbyggesjefen.
Ådne Njå og Ragnvald Sande var på besøk på Øksnevad 18.03.04. Vi diskuterte mellom anna ventilasjonsanlegget i skolebygningen og guttegarderoben. For ventilasjonsanlegget er det laga til eit forprosjekt med etappevis utbetring av heile anlegget. Når det gjeld guttegarderoben, er det snakk om ei midlertidig løysing før ein har planar for eit fleirbruksbygg klart. Arkitekt Borsheim har vore på skolen og sett på aktuelle løysingar for ein guttegarderobe med dusj og toalett, og vil i næraste framtid lage utkast til ei planløysing for dette.

Besøk frå Uldals videregående skole.
Elevene frå Uldals vgs. i Stavanger kjem til Øksnevad på ekskursjon i naturfag 11.,12.og 14.mai. Dei har eit rikhaldig opplegg tilrettelagt av Willy Miljeteig, blant anna biologisk rensing av avløpsvatn, landskapsutforminga på Jæren, steingjerder og leplantingar, kartlegging av naturtyper og biologisk mangfald. Vi ønskjer elevar og lærarar velkommen til Øksnevad desse dagane!

Møte i skoleutvalet.
Skoleutvalet på Øksnevad hadde møte 17. og 24.03.04. Utfyllande reglar for Skolereglementet var oppe som sak, mellom anna det som gjeld klasserom, kantina, bibliotek, stall, elevparkering, garderober, traktor, redskap. Desse er med i skoleutvalet på Øksnevad vgs.: Helga Hellesø, avdelingsleiar, Willy Miljeteig, Utdanningsforbundet, Antje Heinrich, andre tilsette, Oddbjørn Johnsen og Elin Kjelsnes, elevrådet.

Skolebesøk.
Rigmor Haave, Leif Inge Skimmeland og Liv Heidrun Heskestad frå Opplærings-avdelinga i fylkeskommunen var på besøk på Øksnevad 25. mars. Saman med leiargruppa, representantar for tillitsvalde, elevrådet og HMS-arbeidet, gjekk vi gjennom skolen sine satsingsområde og kvalitetskreterier for dette skoleåret. Dei fekk og orientering og omvisning i skolen og gardsbruket.

Eksamensplan og eksamen.
Informasjon om eksamen og eksamensplan er lagt ut på Its learning.

Evaluering av prosjektveka i GK.
Klasselærarrådet for grunnkursklassane var samla til møte 19.03.04 for å drøfte prosjektveka for klassane.

Kurs inkluderande arbeidsliv. 
Avdelingsleiarar var på kurs på Time vgs. om inkluderande arbeidsliv 18.03.04.

Kurs personalsaker.
Rektor og avdelingsleiarar var på kurs på Alstor 23. og 24.03.04 om viktige sider ved personalsaker. Folk frå KS hadde ansvaret for kurset saman med fylkeskommunen.

Besøk frå Orstad skule.
Orstad skule ønskjer å kome til Øksnevad ein dag i mai- juni med rundt 150 elevar på mellomtrinnet, for ein aktivitetsdag her på skolen.

Utplasering.
Klasse 2 G er utplaserte i næringslivet i distriktet heile veke13, meldest det frå klassestyrar. Dei er plaserte i kommunar og anleggs-gartnarbedrifter.

God påske!
Eg ønskjer alle elevar og tilsette ei god påskehelg! Tilsette har planleggingsdag tysdag 13.april kl. 08.30. Elevane byrjar igjen onsdag 14.april.

Øksnevad VGS.

En videregående skole der du kan dyrke dine interesser, ta en fagutdanning eller gå videre til høyere utdanning.
Les mer...


Den store misforståelsen og den store fordelen.
Les mer...


Det er lov å ha det kjekt på skolen.
Les mer...


Oversikt over utdanning og valgmuligheter.
Les mer...

Kontakt Oss

Øksnevad vgs.
Jærveien 990,
4352 KLEPPE

Tlf. 51 92 18 00
Fax. 51 92 18 01

E-post: oksnevad-vgs@rogfk.no