
Øksnevad vidaregåande skole har valt å utarbeide ein skjøtselplan for eigedomen. Det overordna målet for planen er å synleggjere verdiane eigedomen har, peike på tiltak for utvikling, sikre eins tenking og kontinuitet i plan og skjøtselsarbeid.
Eigedomen har ei lang historie frå eldre steinalder og fram til dagens moderne gards- og skoledrift. Frå 1896 til 1940 var det fattiggarden til Klepp kommune, og frå 1940 fram til i dag har det vore landbruksskole og vidaregåande skole. Jordbruksdrifta i denne perioden har vore med å forme det kulturlandskapet eigedomen har i dag.
Eigedomen er totalt på ca.1500 dekar, 670 daa dyrka, 600 daa skog 100 daa vatn og resten vegar, bygningar, tun, park og impediment. Dei dyrka areala har mange verdifulle kulturlandskapselement som må takast vare på og utviklast.
Skogen er mangfald ig og har mange interessante variantar som må synleggjerast og utviklast.
Elva er ein viktig del av eigedomen med eit godt fiske og høve til rekreasjon.
Eigedomen skil seg ut frå andre gardsbruk med ein stor bygningsmasse tilpassa gardsdrift og skole. Bygningane, tunet og parken er ein sentral del av eigedomen, og vil naturleg høyre til i ein skjøtselsplan.
Skjøtsel av ein landbrukseigedom er eit langsiktig arbeid der ein ikkje skal vingla for mykje. Skjøtselsplanen er tenkt brukt som ein verksemdsplan for eigedomen. Skolen er ein stor arbeidsplass der nye medarbeidarar kjem til, mens andre sluttar. For å sikre kontinuitet i skjøtselen av eigedomen håpar me denne planen skal vere til stor hjelp. Tilsette, spesielt nytilsette, skal kunne sjå i planen for å orientere seg om skjøtselen.
For skoledrifta er det eit mål å kunne bruke planen som eit eksempel og lære elevane å bruke ein plan og kunne arbeide ut frå denne.
Eigedomen blir mykje nytta til turgåing av folk utafrå. Ved fortsett å leggje natur- og kulturstianetil rette, vil ein ha eit godt turtilbod til publikum.
I plan og skjøtsel skal det leggjast vekt på den visuelle opplevinga.
Skjøtselsplanen tar utgangspunkt i dei ulike områda på eigedomen og beskriv verdiar og skjøtsel med tekst, bilete og kart. Planen vert revidert kvart 4. år.
Følgende har vært engasjert i arbeidet med skjøtselsplanen: Harald Asche, Oddmund Hognestad, Ole Lauvås, Willy Miljeteig, Leiv Olsen, Vigdis Thull og Geir Tjeltveit.
